Toleranse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skulpturen Für Toleranz i Gera i Tyskland.
Toleranseskulptur i Hilversum i Nederland.
Toleransemonument i Jerusalem.

Toleranse (avleidd frå latin tolerantia, 'det å halde ut, tole') er ein posisjon der ein godtek noko som avvik frå norma. Det vert brukt både i naturvitskaplege, tekniske og medisinske samanhengar og i sosiale og kulturelle samanhengar (naturbasert og kulturbaserte vurderingar).

I sosiale og kulturelle samanhengar er toleranse ei evne eller haldning til å erkjenne og vise vørdnad for det andre trur og gjer og for verdiane deira. Toleranse medfører ikkje å vera samd i alt som er annleis, men å ha ei venlegsinna innstilling til det. Dette vil seia at ein ikkje avviser folk med ulike tankar, religionar, kulturar, utsjånad og framferd.

Drøfting av toleranseomgrepet[endre | endre wikiteksten]

Toleransens logikk[endre | endre wikiteksten]

Toleranse gjeld like mykje uttrykte verdiar og oppfatningar som handlingar eller praksis. Men det er som regel større utfordringar knytte til det å tolerere handlingar enn synspunkt. Skal det å vise toleranse gje meining, må det vere område der det finst to ulike verdisett hjå 1. meg eller oss og 2. andre. Verdien i det å tolerere vil då vere annleis enn verdiane i det som vert tolerert. Toleranse er sjølv er eit tredje, overordna verdisett som styrer over dei to første.

Falsk og sann toleranse[endre | endre wikiteksten]

Ein total relativisme (alt er like greitt) vert kalla falsk toleranse. Ekte toleranse oppstår når nokon er usamde, vurderer og handlar ulikt, men godtek desse skilnadene. Under eit måltid med både vegetarianar og ikkje-vegetarianar, godtek begge den andre sine førestillingar om mat, vurderingane av han og handlingane i høve til maten, ein bryr seg ikkje om kva dei andre skal ete og ikkje ete. Ein forlet ikkje bordet berre fordi ein er usamde om dette. Å tru at berre ein sjølv har rett, er altså ikkje intolerant i seg sjølv (ekte toleranse).

Toleransens grenser[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste opererer med grenser for toleranse av handlingar, det vil seie nokre handlingar vert alltid vurderte som heilt gale, til dømes frå klåre døme som folkemord, terror eller tortur - til meir uklåre, som krig for å hindre dette.

Positiv og negativ toleranse[endre | endre wikiteksten]

Innanfor det vi toler av uttrykk i utsegn, handlingar, institusjonar o.l. for andre verdiar enn våre eigne, kan vi skilje mellom dei vi kan godta på ein måte og dei vi er særs usamde med. Det første kallar vi positiv toleranse, det andre negativ toleranse. Til dømes vil ein veganar kunne vere usamd med ein vegetarianar, men likevel seie at det er jo greitt på eitt vis at ein drikk mjølk og nyttar meierismør i maten, og ho viser då positiv toleranse. Men når det gjeld det å ete kjøt, kan veganen vere meir avvisande utan å ville forby det, og ho viser då negativ toleranse. Alle kan igjen vere særs avvisande til det å ete nokre typar kjøt, t.d. hestekjøt, og meine at ein bør forby det, og viser då intoleranse.

Toleranse i praksis[endre | endre wikiteksten]

Toleranse er mykje framme i ordskiftet om praksisar i det fleirkulturelle samfunnet, til dømes i spørsmål om forbod mot klede som det muslimske skautet (hijab), omskjering av barn, føremålformuleringar i skolen og om ein skal ha ein statleg religion. I drøftingane av slike toleransespørsmål vil ein måtte gjere klårt korleis ein grunngjev haldningane sine, det vil seie kva for argument ein kan finne som stør dei. Det er òg mykje drøfta i Noreg kva ein sjølv og fellesinstitusjonar (særleg skulen) skal gjere i høve til kollektive handlingar og vanar (tradisjonar) om dei bryt med eigne verdiar og tradisjonar, til dømes høgtidsmarkeringar i samband med jul, påske, pinse (med kristen rot); nasjonaldag/nasjonalsong/flagg (med kristen-nasjonal rot); ramadan, id (med muslimsk rot) og liknande.

Toleranse som ei stendig kritisk analyse[endre | endre wikiteksten]

Toleranse kan òg vere grunn eller djup. Grunn toleranse kallar ein det når noko berre ukritisk overtek den tolerante haldninga frå andre eller frå nedskrivne reglar (til dømes formulert som menneskerettar). Djup toleranse kan ein kalle det når ein ser på toleranse som noko ein lyt arbeide kritisk med heile tida, i refleksiv arbeid med tradisjonane.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Ein bør æra ein annan manns sekt, for ved å gjera det aukar ein innverknaden til si eiga sekt og gjev fordelar til den andre mannen si, medan ved å gjera motsett minker ein innverknaden til si eiga sekt og skader den andre mannen si. [...] Godvilje er det beste, slik at menn kan høyra kvarandre sine prinsipp.

Asjoka den store. Omsett frå engelsk.[1]

Eit tidleg døme på toleranse kjem frå persarherskaren Kyros den store på 600-talet f.Kr., som på Kyros-sylinderen erklærte at han tilbakeførte gudar den tidlegare herskaren hadde bortført og erklærte at alle folk i riket skulle få leva i fred.[2] Han er hugsa i Bibelen som den som lét jødane venda tilbake frå eksil til heimlandet sitt og støtta gjenreisinga av Tempelet i Jerusalem. Ein endå klarare toleranse for ulike menneske og religionar kjem frå keisar Asjoka den store, som levde på 300-talet f.Kr. i eit India der både buddhismen, djainismen og den brahminske hinduismen hadde fotfeste. for I sine edikt la han vekt på å respektera og æra andre truer enn den ein sjølv høyrde til.[1]

I fleire ulike oldtidsrike levde ulike folkegrupper fredeleg og tolerant saman. Romarriket tolererte til dømes alle religionar så lenge dei ikkje truga riket. Dette medførte at ein frå tid til anna undertrykte uroskapande Isis-dyrkarar og opprørske jødar, men elles godtok ulike religionar og folkeslag. Den nye kristendommen blei møtt med skeptis og forfølging, men også periodar med toleranse. I 311 gav keisar Galerius (og dei to andre triumviran Licinius og Konstantin) ut eit toleranseedikt som gav fritt leide for kristendom i riket. Ved slutten av 300-talet var kristendom blitt statsreligion medan heidenskap ikkje lenger blei tolerert.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Toleranse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]