Richard Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lake Avernus I, av Richard Wilson, ca 1765

Richard Wilson (1. august 171415. mai 1782) var ein britisk målar. Han kom til London i 1740-åra og verka som portrettmålar, men byrja alt i 1746 å måle landskap. Han studerte i Italia frå 1749 til 1756. I dei lysfylte skildringane hans ser ein spor av påverknad frå både Nicolas Poussin og Claude Lorrain, men òg frå Salvator Rosa. I 1768 var han blant grunnleggjarane av Royal Academy of Arts og vart i 1776 bibliotekaren deira. Ved å blande italienske og franske heroiske landskapsoppfatningar frå 1600-talet med sin eigen naturkjensle og den engelske tradisjon, skapte han grunnlaget for dei seinare store målarane i England på 1700-talet. Han oppnådde aldri noko større suksess i samtida si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]