Claude Lorrain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Claude Lorrain
Hamn, 1637
Utsikt mot Delfi med ein offerprosesjon, mellom 1650 og 1675

Claude Lorrain (160023. november 1682), eigentleg Claude Gellée, var ein fransk målar, som den lengste tida arbeidde i Roma. Han er særleg kjend for sine mange landskapsmåleri.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Claude Gellée var fødd i Chamagne i Lorraine/Lothringen, derav tilnamnet Lorrain. Omkring 1613 flytta han til Roma, der han vart elev av arkitekturmålaren [gostino Tassi. Under eit opphald i Napoli mellom 1619 og 1624 heldt han fram utdanninga si hos vedutamålaren Gottfried Wals. Deretter budde han i to år i Frankrike.

Claude Lorrain nytte godt av stor gunst frå pave Urban VIII. Frå 1634 var han medlem av det romerske akademiet Accademia di San Luca og framstod snart som den leiande landskapsmålaren. Til å begynne med var han påverka av Annibale Carracci sitt ideallandskap og av dei nederlandske meistermålarane som slo seg ned i Roma. Deretter nærma han seg målarstilen til Nicolas Poussin, men motsett Poussins heroiske stil utvikla Claude ein lyrisk, romantisk framstillingsmåte. Verk av begge desse kunstnarane er høgdepunktet i den romerske høgbarokken.

Claude Lorrain sine landskap skildrar ei klassisk gullalders pastoral verd, eit velkjent tema i europeisk litteratur og kunst. Til dette temaet henta han direkte inspirasjon i landskapet omkring sjølve Roma; Campagniaen. Før hans tid hadde berre målarar som søkte gamle ruinar, nytta dette landskapet. Han tilbringa fleire dagar i strekk med skissebøker i desse audslege, mjukt kuperte beitemarkane, der han observerte terrenget under vekslande lystilhøve.

Antikkens mytar fekk eit nytt røyndomspreg i Claude Lorrain sine måleri. Hans fremste innsats lå i handsaminga av lys som går ut frå horisonten og strøymer mot sjåaren. Det sterke solskinet midt på dagen med dramatiske kontrastar mellom lys og skygge heldt han seg vanlegvis unna. Derimot søkte han den jamnare og mjukare gløden som kunne oppstå om morgonen elelr tidleg på kvelden. Ingenting knyter Claude Lorrain nærare til samtidas målarar enn nettopp den store interessa for lys, og som han delte med så ulike kunstnarar som Caravaggio, Giovanni Lorenzo Bernini, Rembrandt, Johannes Vermeer og Diego Velázquez.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Claude Lorrain

Kjelder[endre | endre wikiteksten]