Riella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riella


Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Marchantiophyta
Klasse: Marchantiopsida
Orden: Sphaerocarpales
Familie: Riellaceae
Slekt: Riella
Artar
Vitskapleg namn
Riella

Riella er ei levermoseslekt. Riella er den einaste levermoseslekta som lever under vatn. Det er ca. 20 artar i slekta.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Thallus hjå Riella er forma som ein vengje utifrå stilken. Stilken har bladlikande utvekstar langs båe sider. Antheridia sit langs kanten av vengjen. Thallus veks vertikalt, ikkje horisontalt, som elles er vanleg hjå levermosar. Kvart antheridium sit i ei eiga flaske. Archegonia sit tilsvarande langs stilken. Sporofyttane sit på stutte seta. Sporane sit i tetradar, men bryt laus når dei er ferdig utvekla.

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Riella finst på alle kontinent unnateke Antarktis. Dei lever heilt under vatn, i stilleståande ferskvatn. Flestalle artar lever i midlertidige vatn. Nokre få lever i permanente vatn. Dei kan ikkje tola uttørking (til skilnad frå mange andre levermosar), og overlever turre periodar som sporar.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Riella er einaste slekt i familien Riellaceae.

Riella er inndelt i to underslekter, Riella og Trabutiella. Trabutiella har vengjer på archegonieflaska, medan Riella har glatte flasker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Riellaceae i Bryophyta flora of North America Vitja 28. juli 2008
  • Howe, M. A. & Underwood, L. M. (1903) Bulletin of the Torrey Botanical Club 30(4), 214-24.
  • Porsild, M. P. (1902) "Sur une nouvelle espèce de Riella (subgen. nov.: Trabutiella) de l’Asie centrale". Bot. Tidsskr. 24: 323–327.