Rifle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Rifle i geologi.
Rifle av typen Krag-Jørgensen frå 1912.

Ei rifle er eit to-hands skytevåpen med rifla løp, det vil seie at det innvendig i løpet har ei spiralform som set prosjektilet i rotasjon. Dette gjer at «kula» går lenger og beinare enn ho elles ville gjort.

Skytevåpen med rifla løp har funnest i over to hundre år. Riflene overtok etter kvart plassen til dei glattbora skytevåpna som fanst tidlegare, bortsett frå i hagler, som framleis er glattbora.

Ein person som jobbar med bygging og reparasjon av rifler vert kalla børsemakar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rifle brukt til bisonjakt.

Dei første riflene var munnladarar med flintlås, sidan kom perkusjonslåsen, før patronen vart oppfunnen på 1800-talet. Da kom først enkeltskotsrifler med ulike låsmekanismar, og så magasingeværa, med eit ladegrep du måtte repetere etter kvart skot. Dei vart såleis kalla repetisjonsrifler. Dagens repetisjonsvåpen har ikkje endra seg stort sidan slutten av 1800-talet, anten ein talar om rifler med bolt, som til dømes krag- og mausergeværa, eller rifler med bøyle, som winchesterriflene og etterlikningar av dei.

Det nye på 1900-talet var halvautomatiske rifler, som kom under andre verdskrigen (mest utbreidd den amerikanske Garand-rifla), og rifler med omstillar mellom halv- og heilautomatisk eldgiving, som kom etter andre verdskrigen (som den sovjetiske AK-47 og AG-3 som er standardvåpenet i det norske forsvaret).

Til storvilt-jakt er repetisjonsrifler mest utbreidd. Halvautomatiske rifler er sjeldnare, og dei som kan skyte heilautomatisk sjølvsagt berre til militært bruk.

Sikte- og skytetrening i Etiopia.

Siktemidla på ei rifle kan vere ope sikte, diopter eller kikertsikte. Opne sikte har ein stolpe framme på løpet og eit hakk attpå, som kan stillast opp eller ned etter avstand til målet. Diopter har eit hòl atte, som gjer at auget automatisk sentrerer stolpen eller hòlkornet framme i høve til målet. Kikertsikte er som namnet seier ein påmontert kikert attpå løpet, som oftast har eit innebygd trådkors for sikting. Jegerar blir aldri samde om kva som er best, men dei fleste som jaktar storvilt i Noreg i dag brukar nok kikertsikte.

Ei god rifle med ein god patron kan skyte beint opptil ca 400 meter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rifle