Robert Edwards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Robert Geoffrey Edwards (fødd 27. september 1925 i Manchester, død 10. april 2013) var ein britisk fysiolog og føregangsmann i reproduktiv medisin. Han spesialiserte seg på in-vitro fertilisering (IVF), også kjent som prøverøyrsbehandling. I samarbeid med kirurgen Patrick Steptoe klarte Edwards å utvikle metodar for å verte gravid gjennom IVF, og det førte til at det første prøverøyrsbarnet, Louise Joy Brown vart fødd 25. juli 1978. For denne innsatsen fekk han Nobelprisen i fysiologi eller medisin i 2010.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Robert Edwards gjorde teneste i den britiske hæren under andre verdskrigen. Mellom 1948 og 1951 tok han agronomutdanning ved University College of North Wales (UCNW), og i åra etterpå, mellom 1951 og 1957, studerte han genetikk ved Universitetet i Edinburgh. Her tok han han doktorgraden i 1955 med avhandling om embryonalutvikling hjå myser.

Rett etter studiene arbeidde Edwards i eitt år ved California Institute of Technology og i 1958 byrja han å arbeide ved National Institute for Medical Research i London. Frå 1963 tok han til ved Universitetet i Cambridge der han kom til å ha dei fleste arbeidsåra sine, og han er i dag professor emeritus der.

I 1968 starta Edwards samarbeidet med legen Patrick Steptoe, og det var deira forsking som førte til at verdas første prøverøyrsbarn, Louise Brown, vart fødd i 1978. I 1980 grunnla han verdas første IVF-klinikk, Bourn Hall i Cambridge. Som følgje av metoden som dei utvikla har over 4 millionar born vorte fødde ved hjelp av IVF til no.