Robert Walpole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robertwalpole.jpg

Robert Walpole, 1. jarl av Orford (26. august 167618. mars 1745), før 1742 kjend som Sir Robert Walpole, var ein britisk statsmann som generelt vert rekna som den første statsministeren i Storbritannia. Sjølv om stillinga «statsminister» ikkje var lovfesta eller i offislell bruk på denne tida vert Walpole likevel rekna for å ha dette embetet i røynda på grunn av den store innverknaden han hadde i den britiske regjeringa.

Han høyrte til Whig-partiet og vart først valt i 1701. Walpole tente under regjeringstida til Georg I og Georg II. Regjeringstida hans vert ofte datert frå 1721 då han vart finansminister (First Lord of the Treasury). Andre reknar perioden frå 1730 då Lord Townshend pensjonerte seg og han vart den einerådande regjeringssjefen. At somme reknar at perioden hans starta i 1721 kjem av at pressa på denne tida fokuserte langt meir på Walpole enn på motpartane hans. Walpole sat i regjeringa til han trekte seg tilbake i 1742 etter nederlaget i slaget ved Cartagena. Dette gjer regjeringstida hans til den lengste i britisk historie.

Han var far til forfattaren Horace Walpole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]