Whigpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karikatur av Whigstyret i England, frå 1783

Whig er saman med toryane rekna som eit av dei to første politiske partia i Storbritannia frå seint på 1600-talet til midten av 1800-talet, men det er meir presist å skildre dei to som lause politiske grupperingar eller tendensar. Whig-rørsla hadde opphavet sitt i kampen for det konstitusjonelle monarkiet og ei protestantisk arverekkefølgje som eit bolverk mot einevelde, men utvikla seg etter kvart til ei gruppe som vart assosiert med industriinteresser, sosial og parlamentarisk reform og avskaffing av slaveriet.

Bakgrunnen for omgrepet «whig» var stridane mellom stuartane og parlamentetDei britiske øyane. Stridsspørsmål var makta til kongen i tilhøve til parlamentet, og dessutan religionen til kongen. Sistnemnde var særleg betent i tilhøve til spurnaden om kven som skulle overta som konge etter Karl II, som var barnlaus. Broren hans, Jakob II, var open katolikk, noko som gjorde at det frå parlamentet vart stilt krav om å utelukke han frå tronfølgja. Partiet til kongen vart kalla «tories», medan motstandarane hans vart kalla «whigs«. Opphavleg var «whigs» namnet på presbyterianske, skotske krøttertjuvar, medan tories var ei nemning på irske, katolske bandittar. Generelt kan ein likevel seie at toryane etter kvart kom til å bli assosiert med godseigarar og den anglikanske kyrkja (i Skottland den episkopale kyrkja), medan whigane vart assosiert med borgarskapet og nonkonformistiske protestantiske grupper, sjølv om det var ei stor grad av overlapp mellom desse sosiale grupperingane.

Etter den ærerike revolusjonen i 1688, brukte Maria II og Wilhelm III både whigar og toryar i regjeringane sine, trass i manglande lojalitet frå ein del av toryane, der mange enno støtta Jakob II. Etter kvart kom likevel whigane til å bli stadig meir dominerande i regjeringane. I 1708, under den spanske arvefølgekrigen, gjekk dei fleste gjenverande toryane i opposisjon, noko som førte til eit kabinett med nestan berre whigar. Etterfølgjaren til Vilhelm, dronning Anne, mislikte likevel at ho var avhengig av whigane, og i 1710 erstatta ho dei med ei rein tory-regjering under Robert Harley og Henry St. John, som i 1713 forhandla fram freden i Utrecht, som medverka til å gjere slutt på krigen, men som vart kritisert av den framtidige etterfølgjaren hennar, Georg I av Hannover.

I 1714, då Georg I tok over trona, kom whigane attende til makta. Etter eit jakobittisk opprør i 1715, som vart støtta av mange toryar, vart sistnemnde grupperinga i stor grad diskreditert som forrædarar, og whigane vart det dominerande regjeringspartiet i lang tid framover. I perioden 1714 til 1760, spelte toryane ei særs avgrensa rolle i britisk politikk, sjølv om mange parlamentsmedlemmer enno oppfatta seg som «toryar». Både regjeringane og den leiande delen av opposisjonen oppfatta seg som «whigar». Etter Georg III kom til makta, vart dei to gruppene i aukande grad erstatta med ei mengd personlege fraksjonar, der dei fleste oppfatta seg som «whigar». Ofte var det slik at opposisjonen omtalte regjeringa som «tory», sjølv om han sjølv ofte føretrekte nemningar som til dømes «sjølvstendig whig». Dette illustrerer at det enno ikkje var snakk om noko fasttømra partisystem.

Under William Pitt den yngre byrja eit klårare partisystem å utvikle seg. Ofte blir Pitt omtalt som «tory», medan dei fremste motstandane hans, Charles James Fox, omtalast som «whig». Pitt føretrekte likevel sjølv nemninga «sjølvstendig whig», og motsette seg utviklinga av eit klårare partisystem. Tilhengjarane til Fox såg likevel seg sjølv som dei legitime arvingane av whigtradisjonen og dei markerte seg sterkt som opposisjon.

Den franske revolusjonen splitta likevel opposisjonen. Medan Fox og nokre yngre tilhengarar, som Charles Grey og Richard Brinsley Sheridan var sympatisk innstilt, markerte andre, ikkje minst Edmund Burke, seg raskt som ivrige motstandarar. Krigen førde til at mange av tilhengjarane til Fox slutta seg til Pitt, sjølv om mange av dei etter kvart igjen samla seg under Fox i samlingsregjeringa etter Pitt døydde i 1806. Etter Fox døydde same år, byrja det igjen å utkrystallisere seg eit topartisystem, whigane no under leiing av lord Grey.

Det var først etter Georg IV døydde at whigane igjen kom til makta, under leiinga til Grey, ei regjering som blant anna avskaffa slaveriet, og dessutan utvida røysteretten (Reform Act). Denne reforma bidrog, paradoksalt nok, til at partiet gradvis gjekk i oppløysing og vart erstatta det Det liberale partiet, der mange whigar, men òg ein del frihandelsvennlege toryar, samla seg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]