Rokosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rokosjøen
Stad Løten, Elverum (Hedmark)
Koordinatar 60°47′24″N 11°26′38″EKoordinatar: 60°47′24″N 11°26′38″E
Overflateareal 4,03 km²
Kystlengd1 28,88 km
Høgd over havet 215 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Rokosjøen er ein innsjø som ligg i kommunane Løten og Elverum i Hedmark. Han består av to delar, Rokosjøen og Vesle Rokosjøen. Vesle Rokosjøen er eit fuglereservat der det ikkje er tillete med bruk av påhengsmotor.

Rokosjøen er ein sjø omgjeve av mykje myr, og er derfor eit myrvatn. Dette gjer at vatnet er brunt og grumsete med dårleg sikt under vatn. Fleire bekkar renn inn i Rokosjøen, men vatnet er særs stilleståande. Ved Hammeren er sjøen demd opp, og der byrjar Svartelva som endar opp i Mjøsa.

Rokosjøen har fleire badeplasser, mellom anna Kølbua og Haverbekkvika. Kølbua er ei privat strand som vert finansier ved hjelp av ei frivillig parkeringsavgift. Haverbekkvika vert drive av Løten kommune.

Rokosjøen er særs rik på gjedde og åbor, samt andre småfisk og er derfor godt eigna for fiske.

Rundt Rokosjøen er det mange hytter samt Rokosjøen Camping ved Oset.