Roland Barthes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Roland Barthes (12. november 191525. mars 1980) var ein fransk litteraturkritikar, litteratur- og samfunnsteoretikar, filosof, og semiotikar.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Barthes vart fødd i byen Cherbourg i Normandie. Far hans var marineoffiser og fall i Nordsjøen før sonen var årsgammal. Mor hans oppseda han saman med tanta og godmora i byen Bayonne, kor han fyrst kom i kontakt med kultur då han lærte å spele piano frå tanta. Då Barthes var ni flytta han og mora til Paris, der han budde resten av oppveksten.

Barthes studerte i perioden 1935 til 1939 ved Sorbonne. Han var mykje plaga av dårleg helse i denne perioden, leid av tuberkulose og trong ofte behandling i sanatorium. Gjentatte samanbrot tvinga han til å avbryte studia og hindra han i å ta avganseksamen. Sjukdomen gjorde òg at han slapp militærteneste under andre verdskrigen.

Mellom 1939 og 1948 avla han eksamenar i grammatikk og filologi og til medisinske studiar. Han publiserte sine fyrste arbeid i denne perioden, trass i vedvarande helseplager. I 1948 vende han seg att til reint akademisk arbeid, og underviste ved ei rad lærestader i Frankrike, Romania og Egypt. I denne perioden skreiv han for det venstreorienterte tidsskriftet Combat, somme av artiklane i tidsskriftet kom med i hans fyrste større verk, Litteraturens nullpunkt (1953).

Barthes fekk i 1952 fast arbeid ved Centre National de la Recherche Scientifique, der han forska på leksikologi og sosiologi. I dei sju åra han arbeidde på senteret skreiv han ein serie essays om populærkulturelle mytar som vart publiserte i tidsskriftet Les Lettres Nouvelles. Essaya vart utgjevne i samlinga Mytologier i 1957.

Fyrste delen av 1960-talet forska han på semiologi og strukturalisme, og arbeidde ved ymse fakultet fleire stader i Frankrike. Mange av verka han forfatta i denne perioden sette spørsmål ved tradisjonelle akademiske haldningar og teoriar om litteratur og litterære figurar. Grunna sine uortodokse haldningar kom han i konflikt med ein annan fransk teoretikar, Raymond Picard, som skulda nykritikken (som han feilaktig meinte Barthes høyrde til) for å vere uklår og respektlaus overfor litteraturen. Barthes sitt motmæle i Critique et vérité (1966) skulda den gamle kritikarskulen for å ikkje bry seg om somme aspekt ved språket og for å ignorere vanskelege eller problematiske konsept i moderne teoriar, som til dømes marxismen.

Mot slutten av 1960-å voks Barthes sitt ry. Han reiste til USA og Japan og presenterte ideane sine ved Johns Hopkins University. I 1967 gav han ut sitt mest kjende verk, La Mort de l'Auteur. Verket undersøkte dei logiske konklusjonane av strukturalistisk tankegang og vart mykje påakta, særleg sett i samanheng med den meir og meir populære dekonstruksjonsteorien. Barthes skreiv, saman med Philippe Sollers for det litterære tidsskriftet Tel Quel, som i stor grad handsama dei litterære teoriane Barthes arbeidde med og utdjupa i sine verk. I 1970 produserte Barthes eit av sine viktigaste verk, S/Z, ein djuptgåande og grundig kritisk analyse av Sarrasine av Honorè de Balzac. På 1970-talet vidareutvikla Barthes haldninga til litterær kritikk, og utforska nye idear innan tekstualisme og nøytralt forfattarskap.

I 1977 fekk han stillinga som professor i Sémiologie Littéraire ved Collège de France. Same året døydde mora hans. Tapet av mora gjekk kraftig inn på Barthes, og hans siste store verk, Det lyse rommet: tanker om fotografiet, ein meditasjon over eit gamalt bilete av mora, var både eit teoretisk verk om fotografiet som kommunikasjonsmedium og eit minnesverk om mora. Barthes døydde mindre enn tre år etter mora. 25. februar 1980, på veg frå eit selskap hjå François Mitterrand vart han påkøyrd av ein varebil. Han døydde av skadane 26. mars.

Verk omsette til norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Det lyse rommet: tanker om fotografiet (La chambre claire, 1980) Pax 2001
  • Fragmenter av kjærlighetens språk (Fragments d'un discours amoureux) Spartacus 2000
  • Retorikken: en moderne innføring i den gamle retoriske kunst' (L'ancienne rhéthorique, 1965) Spartacus 1998
  • Etapper i fransk avantgardeteori 1950-1980 (med en omsetjing av Roland Barthes: Forelesning) ved Karin Gundersen (Universitetsforlaget 1989?)
  • Japan - tegnenes rike (L'Empire des signes) Pax 1996
  • I tegnets tid: utvalgte artikler og essays Utv. ved Knut Stene-Johansen, Pax 1994
  • Lysten ved teksten (Le plaisir du texte, 1973) Solums smale serie, 1990
  • Mytologier - Om «mytene» i den moderne tids hverdag (Mythologies, 1957) Gyldendal Fakkel-bok 306, 1975
  • Litteraturens nullpunkt (Le degré zéro de l'écriture, 1953) Cappelens upopulære skrifter, 1970

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Graham, Allen: Roland Barthes. London: Routledge, 2003
  • Wasserman, George R.: Roland Barthes. Boston: Twayne Publishers, 1981
  • «Roland Barthes» på Wikipedia på engelsk