Imperium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit imperium er ein geografisk vidstrakt stat som skil seg frå nasjonalstaten ved at han femner om mange folkeslag eller nasjonar. Staten er soleis berre definert av at alle innbyggjarar og landsluter er underlagde same sentraladministrasjon. Dette eine erobringssenteret som imperiet gjerne har vakse ut frå, gjev imperia éin klår hovudstad, og ein sokalla monosefal bystruktur. Det ymsar kor sentraliserte imperia er, somme har gjeve særs stort sjølvstyre til nokre landsluter. Statsoverhovudet i eit imperium har gjerne kalla seg keisar eller tsar. Den heterogene folkesetnaden gjev keisaren høve til å styra etter splitt og hersk-prinsippet, i det han kan setja eitt folkeslag opp mot eit anna, senda soldatar frå ein ende av imperiet til å slå ned oppstoder i hin enden, med det til fylgja at folkegruppene får mothug til kvarandre, og ikkje til dei sentrale styremaktene. Imperiet var ei dominerande statsform i Europa fram til fyrste verdskrigen.

Romarriket, Det bysantinske riket, Det tysk-romerske riket, Austerrike-Ungarn, Det osmanske riket og Russland er døme på imperium. Elles er det vanleg å kalla statar med mange koloniar for imperium, soleis i nokon mon Frankrike, Spania og Portugal, men særleg det britiske imperiet. Desse kolonimaktene kallar me sjøvende imperium, til skilnad frå dei meir tradisjonelle landvende imperia.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.