Panevėžys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Panevėžys
Byvåpenet til Panevėžys
Byvåpenet til Panevėžys
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Aukštaitija
Panevėžys fylke
Først nemnd
Byrettar
1503
1837
Geografi
Flatevidd
 - By

50 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

114 568
  2 291/km²
Koordinatar 55°44′″N 24°21′″EKoordinatar: 55°44′″N 24°21′″E
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.panevezys.lt
Plassering
Plassering av  Panevėžys

Panevėžys (polsk Poniewież og tysk Ponewiesch) tyder Staden ved elva Nevėžys er den femte største byen i Litauen og hovudstad i fylket med same namn. Innbyggjarane i byen er av dei etnisk mest homogene i landet sidan heile 96 % er litauarar.

Panevėžys ligg om lag halvvegs mellom dei to baltiske hovudstadane Vilnius og Riga. Byen ligg òg langs hovudvegen Via Baltica som går frå Helsingfors til Praha.

I 1897 var det om lag 13 000 innbyggjarar i byen, og omkring halvparten var jødar. Panevėžys hadde i sovjettida ei kraftig vekst som industriby, men leid noko av at han i denne tida ikkje hadde høgare utdanningsinstitusjonar. Likevel er byen kjend for teatra og galleria sine. I 2002 etablerte Kaunas teknologiske universitet eit institutt i Panevėžys som året etter hadde 1623 studentar.

Byen i dag er i Litauen særleg kjend for elektronikkproduksjon og ølmerket Kalnapilis. Sykkelsport er òg godt utvikla.

I Panevėžys ligg det norske industriområdet «Litle Sunnmøre» som i stor grad består av utflytta møbelprodusentar frå Sunnmøre som ved hjelp av norske SIVA-midlar har flytta produksjonen til Litauen for å spare pengar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Panevėžys vart nemnd for første gong i 1503 i dokument frå den litauiske storhertugen Aleksander Jagiellończyk som gav byen rettar til å oppføre mellom anna ei kyrkje og andre bygg. Aleksander Jagiellończyk er sett på som byen sin grunnleggjar, og byen feira i 2003 sitt 500-årsjubileum. Gjennom 1500-talet hadde byen status som kongeleg by. På 1600-talet ekspanderte byen langs den venstre elvebreidda og byen var viktig både i opprøret mot det russiske styret i november 1830 og januar 1863 og kampen for sjølvstende heldt fram der i 1864.

Etter den industrielle revolusjon på slutten av 1800-talet vart den første fabrikken etablert i byen, og næringslivet utvikla seg raskt. Mot slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet var byen eit sterkt økonomisk og kulturelt regionalt senter, og var ein av dei viktigaste byane i landet. Byen var òg viktig i det hemmelege arbeidet med å smugle inn bøker på litauisk, trykka med latinske bokstavar, noko som vart sett på som viktig i kampen mot russifiseringa av landet.

Under den første verdskrigen vart byen okkupert av tyske styrkar.

I mellomkrigstida heldt byen fram å vekse i det nye sjølvstendige Litauen. I ei av dei første folketeljingane, i 1923, hadde byen 19 147 innbyggjarar, av dei var 6 845 jødar (36 %) (på jiddisk var namnet på byen פוניבז', transkribert til Ponevezh). Folketalet i byen auka til 26 000 mellom 1923 og 1939.

15. juni 1940 rykte Den raude arméen inn i byen som då Litauen vart tvinga inn i Sovjetunionen. Ei rekkje politiske fangar vart drepe nær ein sukkerfabrikk og mange innbyggjarar vart sendt i eksil i Sibir eller vart utsett for andre former for avstraffing.

Etter det tyske åtaket på Sovjetunionen vart byen igjen okkupert av tyske styrkar og byen vart administrasjonssenteret for distriktet («Gebietskommissariate») innan det såkalla Reichskommissariat Ostland. Under den nazistiske okkupasjonen vart praktisk talt heile den jødiske folkesetnaden utsletta i 1943, berre få klarte å flykte utanlands.

Etter den andre verdskrig tok Sovjetunionen sitt kommunistiske parti full kontroll over byen si utvikling og han vart gjort til eit større industrielt senter. Mellom 1960-åra og 1980-åra vart det etablert ei rekkje større industriar. Dei sovjetiske styresmaktene sanerte store delar av gamlebyen, og dette stoppa først etter store protestar frå folkesetnaden.

Innbyggjartalet auka frå 41 000 til 101 500 i åra mellom 1959 og 1979. I 1990, etter at Litauen igjen var vorte sjølvstendig nådde folkesetnad 130 000, men har sidan gått noko ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]