Romsonden Phoenix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Teikning av korleis det såg ut da Phoenix avfyrte landingsrakettane
Eit av dei første bileta sendt frå Phoenix viste polygonmark.
For andre tydingar av ordet Phoenix, sjå Phoenix (fleirtyding).

Phoenix var ein romsonde og del av NASA sitt Mars Scout-program. Han vart skoten opp den 4. august 2007, og landinga nær polområdet i Vastitas Borealis på Mars vart bekrefta velluka den 26. mai 2008. [1]. Siste signal frå Phoenix blei motteke 2. november 2008, og åtte dagar seinare, 10. november, blei sonden erklært tapt av NASA.[2] Då hadde sonden vore operativ på Mars i meir enn fem månader.[2]

Landinga til Phoenix er den sjette vellukka landinga på Mars og var den første marssonden som nytta motorisert nedstigning sidan Viking-sondane tidleg på 1970-talet.

Prosjektet var leia av Lunar and Planetary Laboratory ved Universitetet i Arizona under styring av NASA. Alt i alt besto prosjektet av eit samarbeid av universitet frå USA, Canada, Sveits, Danmark og Tyskland, NASA, Den kanadiske romfartsorganisasjonen og private selskap frå luftfartsindustrien.

Innhaldsliste

[endre] Vitskaplege mål

Robotarmen til Phoenix framfor det lokale terrenget i Vastitas Borealis. Solcellepanela kan sjåast nede til venstre.

Ferda hadde to mål:

  1. studera den geologiske historia til vatnet i området, slik at ein kan få informasjon om tidlegare klimaforandringar på Mars.
  2. finna bevis på ein eventuell habitabel sone i grensa mellom jord og is der mikrobar kan eksistera.

Instrumentpakka på Phoenix var i stand til å avdekkja informasjon om den geologiske historia til Mars' nordpolregion, og ei evt. biologisk historie. Sidan Phoenix var den første ferda til å returnera data frå overflata i polarområda på Mars kom med eit sterkt bidrag til NASA sin Mars-strategi: «Følg vatnet». Marspolane inneheld store mengder vass-is. [3][4]

[endre] Landar

Ein valde ein landar i staden for ein marsrover, av di:

  1. Kostnadane blei reduserte når ein kunne bruka utstyr frå ein romsondeferd som vart avlyst
  2. Området der Phoenix landa er anteke å variera lite, derfor er det av liten verdi å ha eit mobilt laboratorium.
  3. Utstyrsvekta som trengst for å gjera Phoenix mobil kan i staden brukast på fleire og betre vitskaplege instrument

[endre] Bilete

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder