Adeliepingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adeliepingvin
Adeliepingvin
Adeliepingvin
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Adeliepingvin
Utbreiinga av Adeliepingvin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Pygoscelis
Art: Adeliepingvin P. adeliae
Vitskapleg namn
Pygoscelis adeliae

Adeliepingvin (Pygoscelis adeliae) er ein sjøfugl som høyrer til pingvinane. Ringpingvin (Pygoscelis antarcticus) og bøylepingvin (Pygoscelis papua) er dei næraste slektningane, desse tre artane utgjer slekta Pygoscelis (børstehalepingvinar). Adeliepingvinen er kalla opp etter kona til den franske oppdagaren Jules Dumont d'Urville.

Liv og utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Adeliepinvinen høyrer til børstehalepingvinane
Utbreiing av adeliepingvin
Hekkekoloni på Rossøya

Adeliepingvinen kan ikkje flyge. Vingane er omdanna til luffeliknande, stive symjereiskapar som fuglane under dykking brukar til å skape framdrift. Eit særtrekk ved slekta Pygoscelis er ein karakteristisk børsteliknande stjert.

Arten har svart fjørdrakt med blåskjær i tuppane på oversida og hovudet, og er kvit på undersida. Eit sikkert kjenneteikn er ein kvit hudring arten har rundt augo. Ungfuglar er blåare på oversida, medan kinna og strupen er meir kvit enn hos vaksne individ. Føtene, som har symjehud mellom tærne og er bleikgule, brukar fuglen som padleårar på vassyta og som ror når han dykkar. Baklemane er langt bak på kroppen og gir fuglen ei oppreist stilling når han står og går på land.

Arten vert omkring 71 cm høg og veg normalt 4–6 kg (4,4 kg i snitt). Hannen er noko større enn hoa.

Adeliepingvinen lever normalt til han vert om lag 14 år.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Adeliepingvinen høyrer til dei aller sørlegaste fugleartane og finst i sona 77-54°S. Han er ein pelagisk dykkande pingvinart som trivs i drivis og opningar i pakkisen, langs hele kysten i Antarktis, inkludert sjølve Antarktika, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane, samt øyane utanfor. Utanom hekkesesongen kan han ein sjeldan gong gjeste dei sørlegaste områda av Sør-Amerika, Australia og New Zealand.

Det finst omkring 5 millionar adeliepingviner i Antarktis, om lag 38 prosent er i Rosshavsregionen. Desse er fordelt i 38 koloniar. Bestanden i Rosshavet og globalt er aukande, men på Antarktishalvøya minkar bestanden.

Sprettande adeliepingvinar
Adeliepingvinar på eit isfjell

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Adeliepingvinen hekkar i enorme koloniar, opp mot 250 000 par, på isfri steingrunn langs kysten, ofte på store, opne flater som kan ligge langt frå opent hav. Arten er ein av to pingvinartar som hekkar på sjølve Antarktika. Keisarpingvinen, som hekkar der om vinteren, er den andre. Adeliepingvinen hekkar i sommarhalvåret.

Når adeliepingvinen er 2–4 år gammal søker han opp hekkekolonien, berre for å legge krav på ein hekkeplass. Først når han er 3–6 år gammal hekkar fuglen. Hoene er i snitt 5 år gamle, hannane 6 år gamle.

Adeliepingvinen lagar eit provisorisk reir av stein. Reiret ligg alltid slik til at smeltevatn ikkje når det, som regel på ei forhøging av stein og gru i ei skråning. Hoa legg to egg, som kvart veg cirka 100–125 gram, som begge foreldra rugar på i 32–34 døgn. Foreldra byter på å ruge i skift på 1–3 dagar. Når kyllingane vert klekte vert dei vakta av foreldra i cirka 22 dagar. I denne perioden vert kyllingane mata dagleg. Deretter dannar kyllingane små ungfuglgruppar til vern, mens foreldra matar dei med jamne mellomrom. Mytinga skjer etter cirka 52–61 dagar. Deretter dreg ungane på sjøen og må klare seg sjølv. Omkring 10 prosent av kyllingane har ein annan far enn den hannen som rugar og matar.

Trekk[endre | endre wikiteksten]

Når hekkesesongen er over trekker arten nordover og med sola til vinterbeita. Adeliepingvinen treng litt lys for å kunne navigere og jakte. Ein går ut ifrå at pingvinane fyl drivisen og havstraumane for å spare energi.

Ei undersøking av trekket frå to koloniar fann at adeliepingvane gjennomsnittleg trekte 13 000 km. Trekk opp mot 17 600 km vart registrert for fuglar frå kolonien på Rossøya.

Adeliepingvinen har som dei fleste andre pingvinar evna til å surfe, sprette i vassflata når han sym fort.

Ernæring[endre | endre wikiteksten]

Adeliepingvinen jaktar i hovudsak i flokk etter krill (mest Euphausia chrystallorophias, men også Euphausia superba), men fangar også mindre fisk (spesielt Pleuragramma antarcticum). Typiske dykk når til mindre enn 20 meter, men arten kan dykke mykje djupare. Dykk til 180 meter og som varer i meir enn 5 minuttar har blitt registrert. Under dykking kan toppfarten nå 15 km/t.

Predasjon[endre | endre wikiteksten]

Arten er særleg utsett for predasjon frå sørjo (Stercorarius maccormicki), leopardsel (Hydrurga leptonyx) og spekkhoggar (Orcinus orca).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Adeliepingvin