Rozovadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rozovadalen (bulgarsk Розова долина, Rozova dolina, Rosedalen på norsk) er ein dal i Bulgaria like sør for Balkanfjella og nord for Sredna Gora. Geologisk består dalen av to elvedalar, med elvene Strjama i vest og Tundzja i aust.

Dalen er vidkjend for roseindustrien sin, som produserer 70 % av roseolja i verda. Senteret for roseoljeindustrien er Kazanlak, med andre byar inkludert Karlovo, Sopot og Kalofer. Kvart år vert det halde festivalar som feirar rosene og roseolja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]