Rullestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pebbles-oliv-e.jpg

Ein rullestein er ein kule- eller eggforma stein som er skapt av rørslene til havet. Han er oftast av ein hard steinsort som gneis eller granitt, som er finkorna nok til at ingen større innslag av hardare krystall stikk ut.

Rullesteinar dannast vanlegvis der havet står rett på ei større samling av istidsmorener med stein i passande storleik til at dei blir liggjande og rugle/rugge og gnisse mot naboen og samstundes bli snudd litt etter litt til alle sider er rørt mange gonger. Prosessen tek truleg nokre hundre år.

Rullestein dannast fleire stader i Noreg, mellom anna på Jæren, Herdla og i Åna-Sira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]