Herdla
| Herdla | |
|---|---|
Brua over til Herdla |
|
| Geografi | |
| Stad | Hjeltefjorden |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 1,6 km² |
| Høgaste punkt | Herdlaåsen (46 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke Kommune |
Hordaland Askøy |
Herdla er ei øy i nordenden av Askøy kommune i Hordaland fylke. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå Kleppestø og Askøybrua.
Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål.
Innhaldsliste |
[endre] Herdla flyplass og fort
Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom Stavanger lufthamn, Sola og Trondheim lufthamn, Værnes. Bergen lufthamn, Flesland vart ikkje opna før i 1955. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen Bergen. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla «Festung Herdla», og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit enormt oppryddingsarbeid som stod for døra.
[endre] Herdla herad (kommune) 1871 - 1964
Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå Manger som eigen kommune med namnet Herlø heradskommune. Namnet vart endra til Herdla i 1917. Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. Øygarden kommune vart skipa, Misje og Turøy vart lagde til Fjell kommune på Sotra. Området Kjerrgarden-Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland-Husebø til Meland kommune. Bognøy vart lagd til Radøy kommune. Herdla kyrkje har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.
[endre] Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Herdla kommune frå 1920 til 1964:
| 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964 |
|---|---|---|---|---|---|
| 4312 | 4728 | 5182 | 5141 | 5083 | 4939 |
[endre] Bakgrunsstoff
- Benonisen, Per: Askøy - Herdla - Meland kommuner : grenserevisjoner og revisjonsønsker 1919-1964, Hovedoppgåve i historie - Universitetet i Bergen, 1995.
- Skjelanger, Torstein (red): Herdla kommunesoge : 1870-1963, Herdla 1971.
- Sælensminde, Ole Bjørn: Herdla : fra fredelig bygd til krigsskueplass, Kleppestø 2001.
- Virkesdal, Erling: Herdla : den spesielle øya, Kleppestø 2002.
- Herdla museum på museumsnett.no
- Herdla golfklubb si heimeside
- Heimeside for Herdlevågen gjestehus
- Heimeside for Herdla Ferie & Fritid