Rullestol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rullestol er fargreier forma som stolar med hjul som blir brukte av dei som har vanskar med å gå for å flytta seg. Det finst manuelle rullestolar, som brukaren sjølv eller ein hjelpar kan driva fram med hendene, og elektriske rullestolar, som har ein motor.
Liggetralle[endre]
Personar som har problem både med å sitja og å gå, brukar som regel ei liggetralle. Understellet er som på ein rullestol, men over hjula er det ein benk i staden for eit sete.