T-banen i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
T-banen i Oslo
Oslo T-bane Logo.svg
Transporttype Tunnelbane
Stad Oslo i Noreg
Opna 1898-05-3131. mai 1898
Drift
Eigar Ruter AS
Operatør Oslo T-banedrift
Sporlengde 80 km
Elektrifisering Straumskjene, 750 volt likestraum
Linjer 6
Stasjonar 95
Passasjertal 222 000 dagleg (2011)
Vognmateriell
Vognar 3 vogners togsett som kan koplast saman til 6 vogners sett

T-banen i Oslo, Tunnelbanen i Oslo, er ein dobbeltspora, elektrisk driven tunnelbane for persontrafikk i Oslo med fleire liner. To av linene, Kolsåsbanen og Røabanen, går inn i den austre tettbygde luten av grannekommunen Bærum i Akershus fylke.

Nationaltheatret stasjon, «Undergrunnen», i 1928.
Nedgang til Nationaltheatret stasjon i 1935.
Eit av våre dagars trevogners togsett på Bergkrystallen stasjon.
Stortinget stasjon. Alle dei gamle, raude togsetta på T-banen i Oslo er teke ut or trafikk og skifta ut med nye tog.
Linjekart over tunnelbanen i desember 2010. I desember 2012 vart rutemønsteret sterkt endra.
Mortensrud stasjon.

Det er fastsett at nemninga «T-bane» eller «tunnelbane» for tunnelbanen i Oslo skal erstattast med det meir internasjonalt kjende omgrepet «metro».

Forgjengarane til tunnelbanesystemet i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Tunnelbanen i Oslo har sine aner i dei gamle forstadsbanene frå Majorstuen, som vart lagt etter trasear som dei vestlege tunnelbanelinene framleis fylgjer.

Holmenkollbanen var den fyrste forstadsbanen i Norden og den fyrste elektriske jarnbanen i Noreg då banen vart sett i drift i 1898 mellom Majorstuen og Besserud i Oslo, forlenga til Frognerseteren i 1916. I 1928 vart banen forlenga frå Majorstuen, som låg i utkanten av sjølve byen, til sentrum ved ein dobbeltspora tunnel og ein underjordisk Nationaltheatret stasjon i nærleiken av Nationaltheatret. Tunnelen og stasjonen vart omtala som Undergrunnsbanen, eller «Undergrunnen».

Frå Majorstuen skulle det etter kvart verte bygd fleire liner som kunne koplast inn på tunnelen til Nationaltheatret. I 1912 opna Smestadbanen, som seinare vart til Røabanen, og til sist vart bygd over kommunegrensa til Bærum og fram til Lijordet, og deretter til Østerås. Ei avgreining som vart opna i 1942 frå Røabanen ved Sørbyhaugen stasjon i Oslo kopla trikkelina Lilleakerbanen frå Oslo til Kolsås i Bærum til «Undergrunnen», samstundes som tilkoplinga til trikkelina Lilleakerbanen vart oppretthalde, slik at det kunne gå både trikkar og «undergrunnstog» til Kolsås på same sporet i tider på døgeret med høg trafikk, sjølv om trikken elles snudde på Jar i Bærum, rett over bygrensa. Etter dette fekk forstadsbanen frå Sørbyhaugen til Kolsås namnet Kolsåsbanen. Den fjerde banen som vart knytt til Majorstuen stasjon og «Undergrunnen» var Sognsvannsbanen, som vart opna i 1934. Alle desse linene vart bygde og opphavleg drivne av private selskap, men i siste halvpart av hundreåret tok det kommunale selskapet A/S Oslo Sporveier over drifta og eigedomsretten.

Det var i aust det fyrst vart bygd liner med moderne tunnelbanestandard. Men somme av dei austlege linene i tunnelbanesystemet har òg sine forgjengarar. Østensjøbanen vart opna som trikkeline frå Vålerenga til Oppsal i 1926, og Lambertseterbanen, som skulle verte Noregs fyrste tunnelbane, opna som trikkeline frå Brynseng på Østensjøbanen til Bergkrystallen i 1957. I 1966 vart Lambertseterbanen opna som tunnelbane og kopla til den nybygde tunnelbanestrekninga frå Jernbanetorget i Oslo sentrum til Helsfyr, som for det meste går i tunnel. Østensjøbanen vart ferdig ombygd til tunnelbanestandard i 1967 og kopla til tunnelen mot sentrum; seinare er banen forlengd i fleire etappar fram til noverande endestasjon på Mortensrud, som vart opna i 1998. Grorudbanen vart bygd med tunnelbanestandard frå Tøyen stasjon til Grorud i 1966, forlengd til Vestli i 1975. Furusetbanen, som tek av frå Østensjøbanen på Hellerud, er likeeins bygd opphavleg som tunnelbane, opna til Haugerud i 1970 og gradvis forlengd fram til Ellingsrudåsen stasjon, som vart opna i 1981. T-baneringen, som er den siste av banane som er bygd, har heller ingen forgjengar. Banen tek av frå Sognsvannsbanen ved Ullevål stadion og går i boge fram til Carl Berners plass stasjon på Grorudbanen. Den fyrste strekninga av ringen, frå Ullevål stadion, med dei to nye stasjonane Nydalen (under jorda) og Storo (i dagen), vart opna 20. august 2003, medan resten av strekninga, med Sinsen stasjon (i dagen), vart opna 21. august 2006.

Ombygging til eit sams tunnelbanesystem[endre | endre wikiteksten]

Dei austlege banane, som hadde tunnelbanestandard og straumskjener langsmed spora i staden for leidning i lufta for straumforsyninga til toga, ingen kryssingar i plan mellom tog og anna trafikk osb., skilde seg frå dei vestlege forstadsbanane med luftleidningar og plankryssingar. Lenge hadde dei to systema skilde endestasjonar i Oslo sentrum, Nationaltheatret for dei vestlege linene og Jernbanetorget for dei austlege. Ein tunnel frå Jernbanetorget stasjon fram til ein ny underjordisk endestasjon, Sentrum stasjon, vart opna for dei austlege banane i 1977, med oppgangar i området kring Stortinget. Men denne stasjonen måtte etter ei tids drift stengjast for ombygging av di store mengder grunnvatn trengte seg inn i stasjonen gjennom betongkvelven.

I 1987 hadde dei vestlege banane vorte forlengd til Sentrum stasjon frå Nationaltheatret «undergrunnsstasjon» gjennom ein tunnel i to høgder, der den dobbeltspora jarnbanen gjennom Oslotunnelen frå Skøyen til Oslo Sentralstasjon går i nedste høgda og den dobbeltspora tunnelbanen i øvste høgda. Sentrum stasjon på tunnelbanen fekk no namnet Stortinget stasjon. Då dei vestlege stasjonane hadde luftleidningar for straumforsyninga til toga, kunne det ikkje køyrast gjennomgåande tog, så stasjonen, som har ei vendesløyfe for dei austlege toga og buttspor for dei vestlege toga, måtte fungere som ein overgangsstasjon mellom dei austlege og vestlege banane.

I 1993 var Sognsvannsbanen med «undergrunnsbanen» frå Majorstuen til Nationaltheatret bygd om til tunnelbanestandard med straumskjene, utan planovergangar og med lange nok plattformer på stasjonane, slik at det kunne køyrast gjennomgåande tog mellom aust og vest. I 1995 vart det same gjort for Røabanen, medan det på Kolsåsbanen og Holmenkollbanen vart køyrd tog som kunne nytte både straumskjene i tunnelen under bykjerna og dei gamle luftleidningane . I 2006 vart Kolsåsbanen stengd, og opna att med tunnelbanestandard etappevis i 2010 og 2011 fram til Bekkestua i Bærum, som vert endestasjon for denne banen som tunnelbane; banen vil framleis òg vere knytt til trikkenettet i Oslo over Lilleakerbanen. Holmenkollbanen er likeeins ombygd til tunnelbanestandard, og vart opna att fram til Frognerseteren i januar 2011, men her er det framleis nokre planovergangar. På alle tunnelbanelinene vert det no nytta nye trevogners MX-togsett som kan koplast saman to og to til seksvogners togsett.

Tunnelar og underjordiske stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ellingsrudåsen T-banestasjon, endestasjonen på T-banelinja Furusetbanen.

Det er seksten stasjonar under jorda på tunnelbanen i Oslo. Dei fleste høyrar til fellestunnelen under bykjerna, men det er òg både tunnelar og underjordiske stasjonar inne i eller tett knytt til tunnelar på fleire av dei austlege linene, særleg på Furusetbanen.

Den underjordiske Jernbanetorget tunnelbanestasjon er eit viktig trafikknutepunkt ved å gjere det lett med overgang til tog på hovudjarnbanestasjonen i Oslo, Oslo Sentralstasjon, og til dei mange trikkelinene som har haldeplassar på Jernbanetorget framfor stasjonen. Den underjordiske Nationaltheatret tunnelbanestasjon gjev likeeins høve til overgang mellom tunnelbane og jarnbanetog ved at det ligg ein underjordisk Nationaltheatret jarnbanestasjon i nivået under tunnelbanestasjonen.