Sønke Sønnichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sønke Sønnichsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1840
Død

5. juni 1903 (63 år)

Yrke prest

Sønke Postumus Sønnichsen (18405. juni 1903) var ein norsk teolog som bidrog til å innnføra salmar av Elias Blix i den norske kyrkja. Han var også med i kvinnerørsla.

Sønke Sønnichsen vart fødd i Oslo. Han var student frå 1858, cand.theol. i 1865. Han arbeidde nokre år i skoleverket før han i 1872 vart klokkar og lærar ved Oslo tukthus. I 1876 fekk han stillinga som sokneprest i Lårdal i Telemark, i 1883 vart han prost i Øvre Telemark, i 1884 sokneprest i Ramnes, i 1894 i Tjølling.

Som prost i Øvre Telemark tok Sønnichsen til ords for å få Elias Blix' Nokre Salmar godkjend for bruk i gudstenesta, i tillegg til dei ordinære salmebøkene. Før han lanserte framlegget for kyrkjedepartementet, hadde han ved minst to høve prøva landsmålsalmane i kyrkja, første gong i Høydalsmo kyrkje andre juledag 1884, då dei mellom anna song «No koma Guds englar».

Han var medstiftar av Norsk Kvinnesaksforening i 1884.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]