Kvinnerørsla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demonstrasjon i New York i 1912 for kvinner sin rett til å stemma.
Vitseteikning frå 1869 som viser omsnudde kjønnsroller.

Kvinnerørsla er ei brei rørsle som har kjempa dels for kvinnene sine rettar i samfunnet og dels for ei endring av fastlåste kjønnsroller. Rørsla kom til som eit resultat av lang tids undertrykking og undervurdering av kvinner i det vestlege samfunnet, i samanheng med tankane frå opplysningstida om at alle menneske har lik verd og like rettar. Rørsla har særleg vore viktig for kvinnesaka i Vesten, både ved at dei har vore hovuddeltakarane i henne, og ved at det er dei som har oppnådd mest av det ho har kjempa for. Resten av verda er òg blitt påverka av kvinnerørsla, men ofte på noko ulikt vis.

Kvinnerørsla har brukt mange middel for å prøva å nå måla sine, mellom anna demonstrasjonar, aksjonar og lobbyverksemd. Ho har både eksistert som ei laust organisert grasrotrørsle, og i ulike lag. Kvinnefronten og kvinnegruppa Ottar er dei best kjende av slike organisasjonar i Noreg.

Sidan byrjinga har rørsla blitt kritisert frå fleire kantar. Konservative krefter i samfunnet har mislikt all forandring, og gått til åtak mot sjølve ønsket om endring. Andre meiner at rørsla har tatt opp galne saker eller vore for konfronterande. Dette har mellom anna ført til at yngre kvinner og kvinnegrupper utanfor Vesten har prøvd å bryta banda til mykje av den opphavlege kvinnerørsla.

Kvinnerørsla har utvikla seg i nært samband til tankeretninga feminisme, og det dei som er med i rørsla, ønskjer å oppnå, blir omtala som kvinnefrigjering. Ho har hatt nære band til arbeidarrørsla, i og med at dei to rørslene har hatt mange samanfallande idear og mål, og til rørsler for homoseksuelle rettar, sidan desse òg set spørsmålsteikn ved vanlege kjønnsroller.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvinneundertrykking har ei lang historie i Europa, og var med utgangspunkt i mellom anna lover frå Romarriket og vidare, og filosofiske tankar frå Platon og vidare, blitt ein fastbunden tradisjon då opplysningstida tok til. Kvinner hadde avgrensa eigedomsrett, arverett, rett til å bestemma over eige liv og kropp, og liten tilgang til politikk, utdanning og arbeidsliv.

Tankane som spreidde seg i opplysningstida, om at alle menn skulle ha same verd, kunne logisk trekkast vidare til å gjelda alle menneske, også kvinner. Det var ikkje mange som tenkte slik, men det var nokon. Under den franske revolusjonen blei det danna kvinneklubbar som ønska å ta del i det nye samfunnet på lik linje med menn. Olympe de Gouges la fram ei rettsfråsegna, inspirert av menneskerettsfråsegna, der ho la fram mange av dei krava kvinnerørsla seinare skulle kjempa for.

Denne første kvinnerørsla var lita, og blei raskt slått tilbake. Det same skjedde under revolusjonane i 1830 og 1848. Men ideen var der, og endringa av kvinnene si stilling var i gang. Snart byrja kvinner å organisera seg for å få fleire rettar.

Først ute var kampen for røysterett, høgare utdanning og like rettar for loven. Kvinnerørsla i USA, som hadde opphav i rørsla mot slavehald, var først ute. Dei organiserte den første konferansen om kvinnesaka i Seneca Falls i 1848.

Symbol for kvinnemakt frå 1970-talet.

1960- og 70-talet blomstra ei ny kvinnerørsle opp, med nye og gamle krav. Viktigast av desse var kanskje kravet om reell likestilling for kvinner, som at dei skulle ha like moglegheiter som menn til å gjera karriere, og ein rett til å ta avgjerder rundt sin eigen kropp, som å kunna velja om dei ville ha sex og ungar eller ikkje.

Hovudsaker[endre | endre wikiteksten]

Makt for begge kjønn[endre | endre wikiteksten]

Stemmerett for kvinner[endre | endre wikiteksten]

Stemmande kvinner i Bangladesh. I dag er stemmerett for kvinner sjølvsagt i dei fleste land i verda.

Då stemmeretten blei allmenn, det vil seia at alle menn, uansett formue, kunne stemma, trekte ein slutninga om at dette òg burde gjelda kvinner. Den første verkelege kvinnerørsla blei til på grunn av denne saka. Kvinner organiserte seg, dei heldt konferansar og demonstrasjonar. Dei blei ledd av og håna, både av menn og andre kvinner. Mange stader blei dei møtt med hard motstand, dei blei kasta i fengsel og nedverdiga.

Kampen førte likevel fram, og land etter land måtte gje dei retten. New Zealand var først ute, og gav kvinner allmenn stemmerett i 1893, sjølv om dei ikkje kunne stilla til val. Noreg fekk dette i 1913. Kuwait er det siste landet så langt som har gjeve kvinner denne retten, det skjedde i mai 2005. Det finst framleis nokre få land der kvinner ikkje kan stemma, som Bhutan og Saudi-Arabia.

Sjå òg:

Kvinner i maktposisjonar[endre | endre wikiteksten]

Rett til arbeid og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Lik løn for likt arbeid[endre | endre wikiteksten]

Frå og med den industrielle revolusjonen var ein stor del av folket, både kvinner, menn og barn, gått ut i betalt arbeid. Det var sjølvsagt at kvinner skulle ha mindre betalt enn menn. Ein rekna gjerne med at dei gjorde mindre arbeid, og sjølv om dei jobba like mykje, var det mannen som var hovudforsørgjaren.

Påverka av kvinnerøyster, mellom anna Clara Zetkin, gjekk den Andre Internasjonalen inn for at menn og kvinner skulle få lik løn for likt arbeid. Sidan fekk arbeidarrørsla ei eiga kvinnerørsle, noko dei fleste sosialistparti har hatt sidan.

Rett til utdanning[endre | endre wikiteksten]

Nonner ved mikroskopa. Kloster var lenge einaste staden kvinner kunne få utdanning.

Utdanning hadde lenge vore skeivt fordelt, slik at gutar fekk meir og betre utdanning enn jenter. Mange skolar tok ikkje inn jenter, og det var mange fag, til dømes naturvitskapane, ein meinte dei ikkje trong eller kunne læra. Dei fleste jentene var utestengde frå universiteta.

I USA blei den første kvinnelege legen utdanna i 1850, og den første kvinna tok doktorgrad i 1877. Noreg fekk sin første kvinnelege universitetsstudent, Cecilie Thoresen, i 1882.

Rett til arbeid[endre | endre wikiteksten]

Medan kvinneleg arbeidskraft var verdsett i krisetider, som her under den første verdskrigen, blei kvinner lett undervurderte og tilsidesette i arbeidslivet elles.

I nedgangstider kunne kvinner oppleva å bli utestengde frå arbeidsmarknaden, anten uformelt eller ved hjelp av lovar. Men også i tider der dei kunne få jobbar hadde kvinner større problem enn menn med å arbeida, ettersom dei òg hadde i oppgåve å passa ungar og heimen.

Kamp for barnehageplassar til alle som ønska det, rett til betalt fødselspermisjon utan å mista stillinga si, og forbod mot kjønnsdiskriminering ved tilsettingar er lover som er komne til etter påtrykk frå kvinnerørsla.

Like rettar i lovverket[endre | endre wikiteksten]

I mange lovverk var kvinner rekna som underordna menn, og dei måtte formyndast. Som unge var dei underordna far sin, og som gifte var dei eigedommen til ektemannen. Som usjølvstendige vesen hadde dei sjølvsagt avgrensa eigedomsrett.

Eigedomsrett og arverett[endre | endre wikiteksten]

I store delar av europeisk historie har kvinner arva mindre enn menn, eller ikkje hatt arverett i det heile. Under den romerske loven lex boconia kunne ingen av dei rike romerske borgarane gjera ei kvinne til arving, sjølv om dei berre hadde døtrer. Variasjonar over slike reglar fortsette gjennom den europeiske mellomalderen og renessansen. Ein kunne testamentera eigedelar til kvinner, men som hovudregel hadde menn større arverett, og ofte overtok ektemenn eigedomsretten til alt kona hans arva og erverva seg.

Lovverket blei gradvis endra i løpet av 1800-talet, og kvinner fekk i hovudsak same rett som menn til å eiga og arva. Likevel skulle det gå lang tid før til dømes Noreg gjekk vekk frå den agnatiske arveretten og tillet kvinner å arva trona på lik linje med menn. Det skjedde i 1990. Mange stader går adelstitlar og herregardar framleis i arv berre til mannlege arvingar.

Skilsmisse[endre | endre wikiteksten]

I det før-industrielle samfunnet var det gjerne slik at ein mann lett kunne få skilsmisse frå kona si, medan ho vanskeleg eller ikkje kunne få det. Dersom ei kvinne trass hindringane klarte å gå ifrå mannen sin, sat han gjerne igjen med ungane og eigedommen deira, medan alt ho hadde var skam.

I 1909 fekk Noreg ein ny skilsmisselov som styrkte rettane til kvinnene, og gav dei to ektefellane lik rett til å ta ut skilsmisse.

Valdtekt[endre | endre wikiteksten]

Valdtekt, særleg innan ekteskapet, var lenge sett på som eit nokså uviktig brotsverk. Ei kone hadde plikt til å tilfredsstilla mannen sin. Ei kvinne som blei valdteken kunne oppleva å bli sett på som ei freistarinne, eller ei som hadde tapt dyden sin for all tid. Dette synet på valdtekt finst framleis i nokre kulturar.

Truleg på grunn av kvinnerørsla sitt arbeid med saka, er etterforsking av valdtekt blitt ei viktig politioppgåve, og straffa for brotsverket er streng. Det er likevel enno mange valdtekter som ikkje blir melde til politiet, og mange forbrytarar som slepp unna. Dette er derfor framleis ei kampsak for kvinnerørsla.

Utanomekteskapeleg sex[endre | endre wikiteksten]

Utstøyting og naud møtte den som blei svanger utan å vera gift. Åtvarande teikning og dikt frå 1804.

Medan det gjerne var som venta av menn at dei skulle følgja driftene sine og ha sex med mange kvinner, slo samfunnet hardt ned på kvinner som hadde sex utan å vera gifte. Gifte kvinner som opplevde at ektemennene deira hadde andre kvinner, var venta å finna seg i det, medan dei sjølve ofte blei hardt straffa for sine forhold. Ugifte mødre blei straffa med gapestokk, og kunne bli avretta som mordarar dersom dei fødde eit barn i løynd som så døydde. Levde ungane deira derimot opp, måtte både mor og barn leva med skammen, medan faren stort sett gjekk fri.

I 1763 fekk menn i Danmark-Noreg økonomisk ansvar for barn dei var far til fram til ungane var ti år.

Sex og barnefødslar utanfor ekteskapet er nå blitt lovleg, vanleg og for det meste akseptert i landa der kvinnerørsla har vore aktiv. Det er dermed slutt på dobbeltmoralen, og kvinner blir ikkje lenger straffa for noko menn går fri for. På den andre sida skuldar mange moralistar kvinnerørsla for å ha gjort samfunnet meir umoralsk.

Kvinnekroppen[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig sak for kvinnerørsla var å vinna respekt for kvinna sin eigen kropp. Ho og ingen andre hadde rett til å styra over han, meinte dei. Dette gjaldt særleg saker som hadde med seksualitet og barnefødsel å gjera. Medan det mannsdominerte samfunnet lenge hadde kravd at kvinner skulle vera tilgjengelege sex- og fødemaskinar, kom det no fleire motkrav.

Medisin[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig forbetring som måtte til var forbetring av sjølve legevitskapen. Tidleg medisinsk forsking hadde konsentrert seg om menn, både fordi ein ikkje visste betre, men meinte at sjukdommar og medisinar ville verke likt på begge kjønn, og av praktiske grunnar, som at forskarane var menn som anten ikkje brydde seg om eller forstod kvinnesjukdommar.

Auka kvinneverd og fleire kvinnelege legar førte til meir forsking på kvinnehelse og utbetring av gynekologifaget.

Prevensjon[endre | endre wikiteksten]

Eit brett P-piller, ei rimeleg trygg og sikker prevensjonsform for kvinner.

Eit svangerskap og ein fødsel kan vera farleg for ei kvinne, og hyppige svangerskap kan føra til utmatting og tidleg død. Å kunne verja seg mot dette var ein viktig rett for kvinnerørsla, som arbeidde for seksualopplysing og tilgang til prevensjon for kvinner. Legevitskapen hjelpte til og utvikla prevensjonsmiddel som var sikrare og tryggare, og i dag ser kvinner i Vesten det som sjølvsagt at dei kan kontrollera fruktbarheita si.

Abort[endre | endre wikiteksten]

At kvinner skulle ha rett til å avslutta svangerskap dei ikkje ønska, har òg vore ein viktig sak for kvinnerørsla. Abortsaka er framleis eit brennbart tema, og er ein viktig grunn til at mange verdikonservative menneske ser skeivt til rørsla.

Pornografi[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak ser kvinnerørsla på pornografi som nedverdigande av kvinner, og som fremjande av eit dårleg kvinnesyn. Mange innan kvinnerørsla ønskjer å heilt forby pornografi, eller i det minste få det vekk frå offentlege område.

I Noreg har kvinnegrupper aksjonert mellom anna mot kioskar som selde pornografi ved å brenna bål utanfor dei, noko som førte til stor merksemd i media. I dag skjuler norske kioskar pornoblad på øvste hylle, bak ei mørk sperre, slik at dei som ikkje vil sjå blada skal sleppa det.

Prostitusjon[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike syn på prostitusjon i kvinnerørsla. Mange ser på det som nok ei utnytting av kvinner. Andre hevdar at kvinner har rett til å bruka seksualiteten sin som dei vil, og vil ha lovar som vernar dei prostituerte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]