Sørrollnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørrollnes
Geografi
Kommune Ibestad
Fylke Troms
Annan informasjon
Ferdselsårer 848
Postnummer 9450 Hamnvik
Preposisjon Sørrollnes
Kart
Sørrollnes is located in Troms
68°43′45″N 16°50′22″EKoordinatar: 68°43′45″N 16°50′22″E

Sørrollnes (samisk: Orjješ Rállegeahči) er ei bygd i Ibestad kommune i Troms. Staden ligg på sørvestspissen av øya Rolla. Sørrollnes har ferjesamband vestover til Harstad (Stangnes) (riksveg 848, 40 minutt). Riksvegen fortset austover til kommunesenteret Hamnvik.

Vegen mellom Sørrollnes og Hamnvik vart bygd på slutten av 1950-talet. Ferjesambandet til Harstad har vore i drift sidan 1964. Det vart opna ny ferjekai på Sørrollnes i 2006.

På Sørrollnes ligg Sørrollnes kapell frå 1976. På Sørrollnes er det også gravhaugar og hustufter frå eldre jarnalder. Det går tursti frå snuplassen på Sørrollnes til Foldnes lenger nord på Rolla.

Sørrollnes høyrde opphavleg til Trondenes kommune. I 1926 vart staden ein del av Skånland kommune. Sidan 1964 har Sørrollnes og heile Rolla høyrd til Ibestad kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Sørrollnes» henta frå Wikipedia på bokmål 6. april 2008. Bokmålsartikkelen oppgav desse kjeldene:

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]