Harstad Tidende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Harstad Tidende er den tredje største avisa i Nord-Noreg og kjem ut i Harstad i Troms. Dekningsområdet er kommunane Harstad, Kvæfjord, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Skånland, Gratangen, Lavangen og Ibestad. Ho er ei dagsavis i tabloidformat. Avisa har eit opplag på 13 646 i 2006.

Avisa blir eigd av Harstad Tidende-gruppen, som igjen er heileigd av Polaris Media ASA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avisa vart skipa av Peter Oluf Klinge (mest kjend som P.O. Klinge) i 1887, då under namnet Senjens Tidende med undertittelen Liberalt nyheds-, avertissements- og afholdsblad. Klinge var første redaktør av avisa. Året etter vart namnet endra til Frisindet, uafhængigt bondeblad. Sumaren 1888 skifta avisa namn til Tromsø Amtstidende og undertittel vart Uafhængigt rent Venstreblad frå 1890. Avisa fekk sitt noverande namn i 1900.

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Basert på opplysningar frå Mediebedriftenes Landsforening.

  • 2013: 10 627
  • 2010: 12 072
  • 2007: 13 503 [1]
  • 2006: 13 646 [2]
  • 2005: 14 201 [3]
  • 2004: 14 199 [4]
  • 2003: 14 749 [5]
  • 2002: 14 818 [6]
  • 2001: 15 031 [7]
  • 2000: 15 068 [8]
  • 1999: 15 308 [9]
  • 1998: 15 335 [10]

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

År Namn Merknadar
1887 Peter Oluf Klinge Til 1. august 1896
1896 Jac. A. Kind Døydde april 1897
1897 Peter Oluf Klinge Vikarierte «anonymt» til 1. august 1897
1897 Bjarne Hansen Òg forretningsførar
1899 Albert Martin Espejord Ingen namngjeven redaktør frå 23. mars 1899 til 4. juli 1901.
Espejord var forretningsførar, men fungerte som redaktør.
1901 Olaf Paulsen Frå nr. 52 1901 til nr. 30 1902
1902 Peter Oluf Klinge
1902 Ole R. W. Klem Frå nr. 39 1902 til nr. 91 1902
1902 Peter Oluf Klinge Frå nr. 92 1902 til nr. 97 1903
1903 G. Amundsen Mellombels
1904 Lars Mjelde
1904 Martin Moe Frå nr. 24 1904
1912 Nicolai Bardal Frå nr. 99 1912
1919 Edv. Gagsaas Mellombels frå nr. 70 til nr. 110 1919
1919 S. Engesgaard Christie Frå nr. 111 1919
1920 Birger Jensen Frå nr. 169 1920
1922 Nicolai Bardal og Edv. Gangsaas I fellesskap frå nr. 101 1922
1923 Ola Berg Frå 22. juli 1923
1945 Johan A. Iversen Fungerande, frå 11. mai til 25. september 1945
1945 Haakon Storøy Frå nr. 50 1945 til nr. 48 1946
1946 Leif B. Lillegaard
1947 Sigurd Woll Frå nr. 69 1947 til 1. april 1951
1951 Johan A. Iversen Frå april 1951 til 31. desember 1990
1991 Odd R. Olsen Frå 1. januar 1991 til 23. juni 2004
2004 Bård Michalsen til 2. april 2012
2012 Kjell Rune Henriksen noverande

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine. fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008
  2. Avisenes leser- og opplagstall for 2006, arkivert frå originalen 11. august 2011, henta 29. januar 2009 
  3. Avisenes leser- og opplagstall for 2005, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 29. januar 2009 
  4. Avisenes leser- og opplagstall for 2004[daud lenkje]
  5. Avisenes leser- og opplagstall for 2003[daud lenkje]
  6. Avisenes leser- og opplagstall for 2002, arkivert frå originalen 1. januar 2007, henta 29. januar 2009 
  7. Avisenes leser- og opplagstall for 2001[daud lenkje]
  8. Avisenes leser- og opplagstall for 2000, arkivert frå originalen 1. januar 2007, henta 29. januar 2009 
  9. Avisenes leser- og opplagstall for 1999[daud lenkje]
  10. Avisenes leser- og opplagstall for 1998[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]