SOSUS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GIUK-gapet

SOSUS er ei forkorting for sound surveillance system, som er ei kjede med undervasslyttepostar rundt store havområde som Atlanterhavet. Under den kalde krigen var systemet ein open løyndom, men vart nedgradert i 1991.[1] Døme på slike undervasslyttepostar er Forsvarets stasjon Andøya. Det er òg stasjonar på Grønland, Island og Storbritannia, særleg rundt det sokalla GIUK-gapet. Systemet vart sett i verk frå USA, og føremålet var å få vita kvar dei sovjetiske undervassbåtane heldt seg. Seinare er fleire liknande system sett i drift, til dømes SURTASS (engelsk Surveillance Towed Array Sensor System), som saman med SOSUS er ein integrert del av IUSS (engelsk Integrated Undersea Surveillance System).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://vgd.no/samfunn/historie/tema/1757360/tittel/sosus-fiskebaater-spionasje/innlegg/38391471/

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: SOSUS