SS «Sørlandet»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
SS «Sørlandet» ved hamna i Oslo den 7. juni 2005.
Foto:J. P. Fagerback

SS «Sørlandet» er eit seglskip som vart bygd i 1927. Skipet vart bygd for å nyttast til grunnleggjande fagopplæring av sjøfolk, og er i dag verdas eldste operative fullriggar.

Bygging og dei første tokt[endre | endre wikiteksten]

Sørlandet er byggnummer 1 frå Høivold mekaniske verksted i Kristiansand. Sørlandet var det første norskbygde seglskipet i stål bygd som skuleskip. Skipet var 210 fot langt (64,2 meter), og utan motor. Det gjekk av stabelen i 1927 og hadde då ein bruttotonnasje på 588 tonn.

Ein donasjon frå skipsreiar O.A.T. Skjelbred samt eit legat på 25.000 pund sterling, var grunnkapitalen i institusjonen og finansierte bygginga av skipet.

Jomfruturen i 1927 gjekk til Oslo der skipet vart inspisert av Kong Haakon og Kronprins Olav. Seinare same år var Sørlandet på tokt til utlandet for fyrste gong. Det var London som var målet.

Som det første norske skuleskipet kryssa Sørlandet Atlanteren i 1933 og gjekk til Chicago der skipet var det norske innslaget på utstillinga «A Century in Progress».

Krigsår[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart Sørlandet taua til Kirkenes der skipet gjorde teneste som kollager og fangeskip. Etter å ha blitt treft under eit flyangrep sokk Sørlandet i hamna i Kirkenes . Skipet vart seinare heva og fram mot krigsslutten fungerte Sørlandet som losjiskip for tyske ubåtmannskap. Skipet fekk brakkeoverbygg og innreiinga vart og bygd om. Baugsprydet blei kappa. Skipet låg som depotskip då krigen slutta.

Då det etter krigen etterkvart vart tilgang på dei nødvendige materialar, vart Sørlandet reparert ved verftet som hadde bygd skipet. Skroget var solid, men skipet måtte gjennom ei omfattande og kostbar gjenoppbygging før det igjen kunne reise segl i 1948.

Først i 1958 vart Sørlandet utstyrt med motor og propellar.

I privat eige[endre | endre wikiteksten]

Sørlandet vart utrangert som skuleskip i 1974 og seld til skipsreiar Helmer Staubo i Oslo. Skipet vart registrert i Arendal og låg for anker i Kilsund fram til 1977 då det vart kjøpt tilbake til Kristiansand av Skjelbreds rederi, som og hadde finansiert bygginga av skipet 50 år tidlegare.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Bygd: Høivolds Mek. Verksted i 1927
  • Deplasement: 891 tonn
  • Bruttoregistertonn: 499 tonn
  • Lengd på skroget: 57 meter
  • Lengd med baugspryd: 64,15 meter
  • Største breidd: 8,87 meter
  • Djuptgåande: 4,5 meter
  • Masterhøgd: 34,2 meter
  • Seglføring: 27 segl
  • Seglareal: 1.236 m²
  • Høgste fart med segl: 14 Knop
  • Høgste fart med motor: 9 Knop
  • Motor: 560 hk
  • Mannskap: 20
  • Maksimalt tal på medseglarar: 70
  • Maksimalt passasjertal: 150

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]