Krosskyrkje
Krosskyrkje er ei kyrkjebygning som har ein krossplan. Planen kan vere utforma som ein latinsk kross med langt hovudskip og kortare krossarmar, eller som ein gresk kross med like store krossarmer. Krossarmane består av eit tverskip eller transept som kryssar hovudskipet. Ein slik plan kan symbolisere både Kristi kross og hovudgatene i Jerusalem, som dannar ein kross.
Innhaldsliste |
Form [endre]
Eit krossforma grunnplan er vanleg i mange kyrkjer. Forma kan vere langstrakt som ein latinsk kross med eit langt skip og kortare tverrarmar. Katedralen i York (York Minster) kan vere eit døme på denne forma. Eit kvadratisk form der kyrkja dannar ein gresk kross med like lange armar er vanleg i innanfor den ortodokse kyrkja. Desse ortodokse kyrkjene har ofte ein kuppel midt over krossen. I Noreg har til dømes Olden gamle kyrkje grunnplan som ein gresk kross, ved at kyrkja er sett i hop av fem kvadrat på 6 x 6 meter kvar.[1] I Noreg er det vanleg med eit sentralt tårn midt over krossen som Kors kyrkje i Romsdalen eller tårn over inngangen som i Oslo domkyrkje.
I protestantiske kyrkjer vart ofte preikestolen plassert sentralt i eit av hjørna i krysset.
Det åttekanta grunnplanet som vart vanleg litt seinare gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn i dei krossforma kyrkjene. Dolstad kyrkje[2] og Trefoldighetskirken er særmerkte ved at dei er krossforma med avskorne hjørner slik at den er både ei åttekantkyrkje og ei krosskyrkje. I store krosskyrkjer blir det òg ujamnt fordelt lys med dårlege lystilhøve midt i kyrkjerommet.[3]
Y-form [endre]
Det finst også døme på krosskyrkje som har vorte bygt etter eit Y-plan. Y-kyrkje eller Y-plan er ei videreutvikling av krosskyrkja sitt grunnplan, men med den eine armen fjerna. Dei tre armane som var igjen var som regel like lange og vinkelen mellom tilnærma like stor. Y-kyrkja har eit kor og to skip i ei trekanta grunnform som symboliserer Den kristne treeininga. Planforma kan ha vore ein norsk spesialitet og finst ikkje utanfor Noreg.[4] Det skal ha vore 10 av dei i Noreg med ei kyrkje i Bratsberg som den første.[5] Kvinnene sat i den eine arma og mennene i den andre. Det var også lettare å sjå inn i koret.
Konstruksjon [endre]
Oslo Domkyrkje frå 1694 er døme på opphavleg krosskyrkje i stein/tegl, men dei fleste norske krosskyrkjer frå den tida er i lafta tømmer.
Tverrarmane i krosskyrkja hjelper til å avstive laftekonstruksjonen slik at kyrkjerommet kan lagast større. Hans D. F. Linstow («Udkast til Kirkebygninger» 1829) meinte at rektangulære grunnplan (langkyrkjer) var det mest enklaste, men på grunn av problem med avstiving av høge, lange tømmerveggar kunne denne forma berre brukast i små lafta kyrkjer. I store lafta kyrkjer er avstivingsproblemet løyst på ulike måtar, til dømes som i Leksvik kyrkje der det er ein tverrvegg midt på det 16 m lange skipet. Av byggetekniske omsyn tilrådde Linstow difor krossforma. I Gjemmestad kyrkje og Hamre kyrkje er avstivingsproblemet løyst med små utstikk på skipet (stutte krossarmar) som gjev antydning til krossforma grunnplan.[6] Desse lafta krosskyrkjene har mykje til felles med krosskyrkjer i tegl som vart reist på den tida, til dømes Oslo domkyrkje.[7] Krossforma gjorde det mogleg å bygge større kyrkjerom utan å bruke nye konstruksjonformer i taket slik det ville ha blitt naudsynt med breiare og lengre skip.[8] I Olden bles ei kyrkja ned i vinterstormen på 1700-talet og ei ny vart bygd i krossform for å tåle den sterke vinden.[9]
Stavkyrkja som stod i Ørsta var truleg reist som krosskyrkje. Enkelte stavkyrkjer vart utvida med krossarmar, til dømes Flesberg stavkyrkje vart i 1735 utvida med tverrarmar i lafta tømmer. Vågå kyrkje vart oppført som krosskyrkje i bindingsverk med materialar frå ei gamal stavkyrkje på staden. Steinkyrkja på Søndeled vart utvida til krosskyrkje med påbygg i lafta tømmer 1768-1784.
Krosskyrkjer i Noreg [endre]
Plantypen finn ein i store delar av verda, men soknekyrkjer av stein med opphavleg krossform har vi ikkje hatt i Noreg i mellomalderen, sjølv om fleire seinare har blitt ombygd. Korskyrkja i Bergen var opphavleg bygd som langkyrkje og utvida til krosskyrkja på 1600-talet. Norderhov kyrkje på Ringerike og Haslum kyrkje i Bærum er døme på krosskyrkjer i stein som er utvida frå langkyrkje, medan Nidarosdomens grunnplan har preg av krosskyrkje sjølv om den er reist som basilika.[10][11]
På landet var alle nye kyrkjer i tida 1600-1800 lafta tømmer, dette ga ein lavare og tyngre bygningstype enn stavkyrkjene frå mellomalderen. Grunnplanet tidleg på 1600-talet var ofte enkelt med eit rektangulært skip og smalare kor (langkyrkje), men i siste halvdel av 1600-talet vart korsforma grunnplan vanleg og på 1700-talet vart krosskyrkja det dominerande (på Vestlandet dominerte fortsatt langkyrkja).[12] Nokre få Y-forma kyrkjer finst fortsatt i dag: Holmestrand kyrkje i Vestfold, Mo kyrkje i Surnadal, Rennebu kyrkje og Budal kyrkje i Sør-Trøndelag.
Av dei 130 norske kyrkjene frå 1700-talet er over halvparten krosskyrkjer i lafta tømmer.[13]
Store krosskyrkjer [endre]
Nokre av dei størst krosskyrkjene i Noreg rekna etter sitjeplassar.[14]
- Kongsberg kyrkje 2400 plassar (landets største kyrkjerom, men berre godkjent for 1100 personar)
- Nidarosdomen 1850 plassar
- Kristiansand domkyrkje 1750 plassar
- Lyngdal kyrkje 1636 plassar
- Trefoldighetskirken i Oslo 1200 plassar
- Vågan kyrkje (Lofotkatedralen) 1100 plassar (ei av dei største i tre)
Krosskyrkjer av tømmer [endre]
Døme på krosskyrkjer oppført i lafta tømmer (ofte utvendig panel som skjuler tømmerveggane)
- Aurdal kyrkje (1735)
- Øksnes kyrkje (ca. 1700)
- Dolstad kyrkje (1735, kombinasjon av åttekant og krossform)
- Olden gamle kyrkje (1759)
- Træna kyrkje (1773)
- Kors kyrkje i Romsdalen (1797, flytta og utvida 1902)
- Elverhøy kyrkje (1803)
- Sandnessjøen kyrkje (1881)
- Vågan kyrkje (Lofotkatedralen) (1898)
Murkonstruksjon [endre]
Døme på krosskyrkjer oppført i stein og/eller tegl.
- Korskirken i Bergen (ca. 1150, ombygd til krosskyrkje 1623)
- Nidarosdomen
- Borgund kyrkje i Ålesund (bygd mellom 1130 og 1250)
- Oslo domkyrkje (stein og tegl, 1694)
- Kongsberg kyrkje 1740, tegl
- Norderhov kyrkje opphaveleg langkyrkje ombygd til krosskyrkje
- Haslum kyrkje ombygd langkyrkje
- Søndeled kyrkje påbygg i tømmer
Stavkonstruksjon [endre]
Døme på stavkyrkjer med krossform (mange ombygde stavkyrkjer har tverrarmar i annan konstruksjonsteknikk, ofte tømmer).
- Ringebu stavkyrkje (1220, krossforma etter utviding i 1630)
- Uvdal stavkyrkje (1100, ombygd til krosskyrkje 1723)
- Nore stavkyrkje (ombygd til krosskyrkje 1709)
- Flesberg stavkyrkje (utvida i 1735 med tverrarmar i lafta tømmer)
- Vågå kyrkje konstruksjon i bindingsverk (ikkje ekte stavkyrkje), materialar frå tidlegare stavkyrkjer
- Hedalen stavkyrkje (ca. 1160, ombygd til krossform med lafta tømmer i 1699)
Kjelder [endre]
- ↑ Fylkesarkivet SF: Olden gamle kyrkje lese på nett 8.mars 2013
- ↑ Jakobsen, Mikael (1935): Dolstad kirke 1735-1935. Dolstad menighetsråd, s.12.
- ↑ Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
- ↑ Sørmoen, Oddbjørn: Kirker i Norge, 1700-tallet, skjønnhetens århundre side 26
- ↑ Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
- ↑ Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
- ↑ Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
- ↑ Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
- ↑ Fylkesarkivet SF: Olden gamle kyrkje lese på nett 8.mars 2013
- ↑ Muri, Sigurd; Norske kyrkjer, Oslo 1971 side 194
- ↑ Store Norske leksikon lese på nett 2.1.2012
- ↑ Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
- ↑ Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 14.2.13.
- ↑ http://www.kirkesok.no/ lese på nett 5.1.203