Samuel Goudsmit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Uhlenbeck, Hendrik Kramers og Samuel Goudsmit kring 1928 i Ann Arbor.

Samuel Abraham Goudsmit (fødd 11. juli 1902 i Haag i Nederland, død 4. desember 1978) var ein nederlandsk-amerikansk fysikar. I 1925 oppdaga Goudsmit saman med studiekameraten sin George Uhlenbeck, at tilhøva i atomspektra som ein til då ikkje hadde kunna forklare ut frå Bohr-modellen, fekk forklaringa si om ein tenkte seg at elektrodane hadde eit spinn eller ein eigenrotasjon. Oppdaginga har vore særs viktig for forståinga av strukturen til atoma og atomkjernane.

Han tok doktorgraden i Leiden i 1927 og arbeidde frå den tid og fram til 1941 ved University of Michigan. Under andre verdskrigen arbeidde han med utviklinga av radar og vart i 1944 leier for ein hemmeleg undersøkingskommisjonen som skulle etterforske arbeida til tyskarane med utviklinga av kjernevåpen.

Goudsmit arbeidde etter krigen og fram til 1970 som professor ved Brookhaven National Laboratory.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]