Stavanger/Sandnes
Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i Noreg og femner samanhengande tettbygde område i kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Tettstaden har 201 353 innbyggjarar (2012) [1]. Desse kommunane utgjer «Nord-Jæren» i regionen Jæren, og har tilsaman 215 116 innbyggjarar per 1.7 2008[2], fordelt over 467,5 kvadratkilometer. Tettstaden har den største prosentvise folkeveksten i landet, og Sandnes er den snøggast vaksande byen i Noreg.
Tettstaden har kome til ved at busetjinga langs hovudvegane sørover frå Stavanger har vokse og førd til at dei to byane Stavanger og Sandnes har vokse saman, og ifølgje SSB sin definisjon for tettstader er dei to byane no å oppfatte som ein tettstad. Dei tilliggjande tettbygde områda i kommunane Sola og Randaberg vert òg inkluderte i dette.
Rogaland hadde i 2007 ein folketilvekst på 2,01%, noko som tilsvarar i overkant av 8 000 innbyggjarar. Til samanlikning auka folketalet i Hordaland med kring 6 000 innbyggjarar. Dermed er Rogaland, etter Oslo, det fylket i landet der folketalet veks snøggast. Dei nordjærske kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg, hadde då ei vekst på 2,26 %, og dette gjer regionen til den snøggast vaksande i landet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Stavanger/Sandnes» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2008. Der vert desse kjeldene gjevne:
Referansar [endre]
- ↑ ssb.no: Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.
- ↑ ssb.no: Folkemengde 1. juli 2008 og endringene i 2. kvartal 2008. Rogaland.
|
|
|
|---|---|
| Aten (1985) · Firenze (1986) · Amsterdam (1987) · Vest-Berlin (1988) · Paris (1989) · Glasgow (1990) · Dublin (1991) · Madrid (1992) · Antwerpen (1993) · Lisboa (1994) · Luxembourg (1995) · København (1996) · Thessaloníki (1997) · Stockholm (1998) · Weimar (1999) · Avignon, Bergen, Bologna, Brussel, Helsingfors, Kraków, Reykjavík, Praha og Santiago de Compostela (2000) · Porto og Rotterdam (2001) · Brugge og Salamanca (2002) · Graz (2003) · Genova og Lille (2004) · Cork (2005) · Pátra (2006) · Luxembourg og Sibiu (2007) · Liverpool og Stavanger/Sandnes (2008) · Vilnius (2009) · Essen, Pécs og Istanbul (2010) · Åbo og Tallinn (2011) |