Seljebladhette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seljebladhette
Seljebladhette
Seljebladhette
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Mycenaceae
Slekt: Hettesoppar Mycena
Art: Seljebladhette M. terena
Vitskapleg namn
Mycena terena

Seljebladhette (Mycena terena) er ein liten hettesopp som veks i småe grupper på nedfalne, fuktige og rotnande seljeblad. Han har ein hatt som fyrst er bleikt grå eller beige men som snøgt vert kvit. Hatten er 1-3 millimeter på tvers.

Stilken til særs unge seljebladhetter er svart, og denne svarte leten vert ofte verande i den øvre delen av stilken etter kvart som soppen veks og utviklar seg. Til sist vert heile stilken vassklår med ein kvit let.

Grohette kan likna ein del på seljebladhette, men har ein hatt som er noko brun på let.

Seljebladhette veks om hausten og er særs sjeldan. Han er kjend frå to stader i søraust-Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]