Seram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartplassering av Seram i Indonesia
Seram med øya Ambon i sørvest

Seram (tidlegare Ceram) er ei øy i Maluku Tengah-provinsen i Indonesia. Øya er danna av vulkansk aktivitet og dekker ei flatevidd på 17 148 km2, ho har ei lengd på ca 330 km (aust-vest) og er ca 65 km brei (nord-sør). Ho ligg mellom 3° og 4° sørleg breidd og mellom 128° og 131° austleg lengd. Næraste større øy er Papua-Ny-Guinea 150 km mot aust, 220 km mot nord over Seramhavet ligg Halmahera. Til Sulawesi i vest er det 550 km, i sør er Seram skilt frå Timor av det over 500 km vide Bandahavet.

Seram er tynt folkesett (knapt 220 000) og innbyggarane er i hovudsak spreidde i byar langs kysten. Største byen, Masohi, ligg på sørkysten. Seram ligg straks nord for øya Ambon, der provinshovudstaden er.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Seram er for ein stor del dekt av tropisk regnskog. Ei fjellrekke strekker seg langs heile det indre av Seram. Ein variert geologi kjem av at fleire tektoniske mikroplater møtest her. Seram dannar ei eiga mikroplate som har dreia 80° rundt dei siste 8 millionar åra av den relativt sett snøggare rørsla til mikroplata som Papua-Nyguinea kviler på. Samstundes er det australske kontinentet i rørsle mot nord, det har ført til at det nord på Seram finst fjelltoppar som når kring 3000 moh. Høgste fjellet er Binaiafjellet. Særleg dei austlege delane av Seram er lite kartlagd.

Styre[endre | endre wikiteksten]

Under provinsnivå i Maluku Tengah er Seram delt i to fylke (indonesisk; kabupaten). Vest-Seram (Seram Bagian Barat) med hovudstaden Dataran Hunipopu hadde 140 657 innbyggarar i 2003; Aust-Seram (Seram Bagian Timur), der Dataran Hunimoa er hovudstad, hadde på same tid eit folketal på 78 336.

Perlefarm i Seram

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Produksjon av kopra, kvae og sago er dei viktigaste næringsgreinene, ved sidan av fiskeri. Olje vert utvunne i nordaust, nær Bula.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Seram var truleg folkesett av melanesiarar allereie for 3500 år sidan. Dei fleste molukkarar reknar Seram for å vere deira slektsvogge, og vert framleis omtala som Nusa Ina ('moderøya') mann og mann i mellom.

I det femtande og sekstande hundreåret vart Seram regjert av sultanatet Ternate, men ofte var det vasallstaten Buru som stod for maktbruken. Portugisiske misjonærar var aktive på Seram i det 16. hundreåret. Nederlandske handelsstasjonar vart oppretta tidleg på 1600-talet, og øya kom i namnet under nederlandsk kontroll ca 1650. I 1780-åra utgjorde Seram ein nøkkelbase i Tidore-hovdingen Nuku sitt langvarige opprør mot nederlandsk styre.

Ei tid under 2. verdskrigen hadde Japan kontroll over øya. Misnøye med styret i den nye (1949) staten Indonesia, leia til at republikken Sør-Molukkane vart proklamert 25. april 1950. Indonesiske troppar slo ned opprøret på nokre veker.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Seram har tradisjonelt vore knytt til animismen som den innfødde folkegruppa Alifuru (eller Nua-ulu), eit vestmelanesisk folk praktiserte. Etter seiande heldt dei ved like skikken med hovudjakt (”headhunting”) heilt opp til 1940-åra. I dag er størsteparten av folket på Seram anten muslimar eller kristne, både gjennom konvertering og immigrasjon.

Seram vart råka av den valdelege konflikten som oppstod i Maluku-provinsane seint i 1998. Titusenar av menneske på Seram vart flyktningar under striden, før Malino II-avtalen dempa dei stridslystne. Seram har sidan hatt ro, men byen Masohi er reelt sett skilt i ein kristen del og ein muslimsk del.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]