Buru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Buru
Tradisjonelt buru-hus tidleg på 1900-talet

Buru er den tredje største øya i øygruppa Molukkane i Indonesia. Øya ligg mellon Bandahavet i sør og Seramhavet i nord, vest for øyane Seram og Ambon. Buru har eit areal på 9 505 km², og er 145 km lang og 80 km på det breidaste. Folketalet var i 2010 på vel 160 000.

Buru er i hovudsak dekt av tropiske skogar i eit åslandskap, i aust er eit lågland der ein større del av befolkninga held til. Namlea, administrasjonsbyen, er ein hamneby nordaust på øya. Høgste fjellet på Buru er Kaplamada på 2 428 moh.

Om lag ein tredel av ibuarane er innfødde; flest buru, men også lisela, ambelau og kayeli-folk. Dei andre ibuarane er immigrantar frå Java og nærliggjande øyar i Molukkane. Religiøst deler folket seg i to jamstore halvpartar mellom kristendom og sunni-islam.

Ibuarane på Buru lever av å dyrke ris, mais, søtpotet, bønner, kokosnøtter, kakao, kaffi, nellik og muskat. Også dyreavl og fiskeri er viktige næringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]