Sergej Sjojgu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sergej Sjojgu, 2002

Sergej Kuzjugetovitsj Sjojgu (russisk Сергей Кужугетович Шойгу), fødd 21. mai 1955 er ein russisk politikar. Han er forsvarsminister i Russland sidan november 2012. Frå 1994 til mai 2012 var han minister for sivilforsvar, ekstraordinære situasjonar og opprydding etter naturkatastrofar.

Sergej Sjojgu er etnisk tuvinar og vart fødd i Tsjadan i republikken Tuva i Russland. Avslutta utdanning på Krasnojarsk polytekniske universitet i 1977. Sivilingeniør og økonom. 1988 til 1989 andresekretær i bykomitéen for Sovjetunionens kommunistiske parti i Abakan. 1989 til 1990 inspektør i regionskomitéen for Sovjetunionens kommunistiske parti i Krasnojarsk kraj. I 1990 flytta han til Moskva der han vart utnevnt til andresekretær i den russiske føderasjonens komité for arkitektur og konstruksjon. I 1991 vart han leiar for den statlege komitéen for sivilforsvar, ekstraordinære situasjonar og opprydding etter naturkatastrofar. Denne komitéen vart eit eige departement 20. november 1994 og Sjojgu vart minister. Frå 1996 er han medlem av det russiske tryggingsrådet. Sjojgu beheldt stillinga si etter at Vladimir Putin tok over etter Boris Jeltsin som president. Han var lenge den ministeren som hadde site lengst i den russiske regjeringa. Sjojgu har vorte populær for sitt synlege leiarskap i krisesituasjonar. I april 2012 vart han valt til guvernør i Moskva oblast, og forlet då ministerposten sin, men i november same året vart han utnment til forsvarsminister i Russland, etter Anatolij Serdjukov.

20. september 1999 vart han tildelt utmerkinga helt av den russiske føderasjonen, den høgste statlege utmerkinga i Russland. Frå 1999 var han ein av leiarane for partiet Einskap, som i 2001 slo seg saman med andre parti og vart til Sameint Russland, Vladimir Putin sitt støtteparti, og det største partiet i Russland. Sjojgu er ein av dei mest framtredande politikarane i dette partiet.

Sjojgu har rang av general i hæren. Han er gift og har to døtrer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sergej Sjojgu