Krasnojarsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krasnojarsk
Красноярск
Krasnojarsk ved Jenisej
Krasnojarsk ved Jenisej
Flagget til Krasnojarsk Byvåpenet til Krasnojarsk
Flagget til Krasnojarsk Byvåpenet til Krasnojarsk


Plassering
Krasnojarsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd 1628
Borgarmeister Pjotr Pimasjkov
Geografi
Flatevidd
 - By

348 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

937 200
  2 693,1 /km²
Koordinatar 56°1′″N 93°4′″EKoordinatar: 56°1′″N 93°4′″E
Høgd over havet 259 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 660000–660136
Retningsnummer (tlf) (+7)391
Bilnummer 24, 84, 88
Nettstad: www.admkrsk.ru

Krasnojarsk (russisk Красноя́рск) er det administrative senteret i Krasnojarsk kraj i Russland, og den tredje største byen i Sibir. Krasnojarsk ligg ved elva Jenisej og er ein viktig stoppestad på den transsibirske jernbanen. Byen har om lag 940 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i juli 1628 som eit russisk grensefort. Ei gruppe kosakkar, leia av Andrej Dubenskoj kom til staden der elva Katsja munnar ut i Jenisej og bygde festningsverk her for å verne grensa mot åtak frå innfødde folk langs Jenisej og sideelvane hennar. Fortet fekk namnet Krasnyj Jar, som tyder «raud malm» på tyrkisk, etter ei klippe fortet vart bygd ved. Krasnojarsk vart seinare namnet på landsbyen og byen som voks opp rundt fortet.

Krasnojarsk byrja å vekse då postvegen frå Moskva (i dag M53) kom til byen mellom 1735 og 1741, som knytte han og dei nærliggande byane Atsjinsk og Kansk til resten av Russland. Veksten heldt fram då det vart oppdaga gull i nærleiken og jernbanen kom til byen i 1895.

I 1749 vart ein meteoroitt med masse kring 700 kr funne 230 km sør for Krasnojarsk. Han vart sett av Peter Simon Pallas i 1772 og transportert til Krasjonjarsk. Krasnojarskmeteoritten er viktig fordi han var den første pallasitten som vart undersøkt.

På 1800-talet var Krasnojarsk senter for ei sibirsk kosakkisk rørsle. I 1822 fekk han bystatus og hadde vorte hovudstad i Jenisej Gubernija. Mot slutten av 1800-talet hadde Krasnojarsk fleire fabrikkar, verkstad for jernbanetog og eit maskinrom.

I Det russiske riket var Krasnojarsk ein av stadane der politiske motstandar vart sendt i eksil. Til dømes vart dekabristane sendt her frå St. Petersburg etter eit mislukka opprør.

Eit gammalt hus
Nyklassisistisk hus (stalinperioden) i sentrum
Utsyn mot sentrum av Krasjonarsk(2003)

Etter den russiske revolusjonen i 1917 under periodar med sentralisert planlegging vart fleire store fabrikkar og anlegg bygd i Krasnojarsk, mellom anna Krasnojarsk vasskraftverk, som i dag er det femte største i verda og det neste største i Russland.

I 1934 vart Krasnojarsk kraj oppretta, det nest største administrative området i Russland. Krasnojarsk vart då administrasjonssenter i byen.

Under stalinismen vart Krasnojarsk eit stort senter for Gulagsystemet. Den viktigaste arbeidsleiren var Kraslag eller Krasnojarskij ITL (1938-om lag 1960) med to einingar i Kansk og Resjotyj. I sjølve Krasnojarsk var òg arbeidsleiren Jenisejlag eller Jenisejskij ITL viktig under den andre verdskrigen (om lag 1940-41).

Under den andre verdskrigen vart fleire fabrikkar evakuert frå Ukraina og Vest-Russland til Krasnojarsk og nærliggande byar, og stimulerte slik den industrielle veksten i byen. Etter krigen vart fleire fabrikkar bygd.

Seint i 1970-åra startar Sovjetunionen bygginga av ein faseretta radarstasjon ved Abalakova, nær Krasnojarsk, som visstnok braut med ABM-avtalen. I 1983 gjorde USA krav om at antenna skulle fjernast fram til Sovjetunionen innrømde at radarstasjonen var eit brot på avtalen i 1989. Utstyret vart gradvis fjerna og i 1992 var han offisielt demontert. Utstyret vart truleg flytta til ein ny stad nær Komsomolsk-na-Amure.[1]

Etter Sovjetunionen kollapsa og mange store anlegg og fabrikkar vart privatisert tok mange påståtte kriminelle selskap og oligarkar over, medan andre gjekk konkurs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krasnojarsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jenisejsk (Krasnojarsk)