Sheep Island i Argyll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein naturleg boge på Sheep Island

Sheep Island («Saueøya») er ei lita øy utanfor sørenden av Kintyrehalvøya i Skottland.

Sheep Island dannar i lag med Sanda Island og Glunimore Island ei lita øygruppe om lag 3 km sør for Kintyre.

Øya går stort sett frå nord til sør og er 600 meter lang og bratt langs vestsida. På det høgaste er ho 41 meter over havet. Det ligg ei grotte på vestsida og ein naturleg boge nordvest på øya.

Som namnet tyder har det beita sauer her, men øya er i dag mest kjend som den viktigaste hekkestaden for lundefugl i Firth of Clyde. Frå her kjem fuglar frå nærliggande Ailsa Craig. Andre fuglar som hekkar på Sheep Island er teiste og alke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°17′29″N 5°34′20″W