Isle of Arran
| Isle of Arran Lokalt namn: Eilean Arainn |
|
|---|---|
Brodick på Isle of Arran, sett frå Goat Fell |
|
| Geografi | |
| Stad | Firth of Clyde |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Øyane i Firth of Clyde |
| Areal | 432 km² |
| Høgaste punkt | Goat Fell (874 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | North Ayrshire |
| Største busetnad | Brodick |
| Demografi | |
| Folketal | 5058 (2001) |
| Folketettleik | 11,7 /km² |
Arran eller Isle of Arran (skotsk-gælisk Eilean Arainn) er den største øya i Firth of Clyde i Skottland med eit areal på 432 km² og den sjuande største i Skottland. Ho høyrer til regionen North Ayrshire og hadde i 2001 5058 innbyggjarar. Ho vert ofte knytt til Hebridane, og deler mykje av kulturen her, men desse øyane ligg lenger nord og vest for Kintyre. Arran er fjellkledd og har vorte skildra som eit paradis for geologar.[1]
Øya har vore kontinuerleg busett sidan tidleg i yngre steinalder og det er gjort mange førhistoriske funn. Frå 500-talet koloniserte goidelisk-talande folk frå Irland øya og ho vart eit senter for religiøs aktivitet. Under den trøblete vikingtida vart Arran underlagt Noreg før ho vart formelt innlemma i kongedømet Skottland på 1200-talet. Mange av stadnamna har norrønt opphav. Håkon IV vitja øya i 1263 i samband med at den skotske kongen kravde suverenitet over dei norske øyane. Besøket enda i slaget ved Largs.
På 1800-talet vart folketalet kraftig redusert og det gæliske språket og levemåten forsvann meir eller mindre. Økonomien og folketalet på øya har betra seg dei siste åra og hovudnæringa i dag er turisme. Her finst mangfaldig dyreliv med tre artar som er endemiske for området.
Bakgrunnsstoff[endre]
Reiseguide for Isle of Arran frå Wikivoyage- Satellittbilete av Arran
- The Sleeping Warrior
- Arran.info - interaktiv guide
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Isle of Arran» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Downie, R. Angus (1933) All About Arran. Glasgow. Blackie and Son.
- Hall, Ken (2001) The Isle of Arran. Catrine. Stenlake Publishing. ISBN 978-1-84033-135-6
- Haswell-Smith, Hamish (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate. ISBN 1-84195-454-3
- ↑ Haswell-Smith (2004) s. 11-17.
|
|
|
|---|---|
| Ailsa Craig/Creag Ealasaid · Arran/Eilean Arainn · Burnt Islands · Bute/Eilean Bhòid · Castle Island/Eilean a' Chaisteil · Davaar/Eilean Dà Bhàrr · Eilean Dearg · Eilean Dubh · The Eileans · Glunimore · Holy Isle/Eilean MoLaise · Horse Isle/Eilean nam Eich · Inchmarnock/Innis Mheàrnaig · Lady Isle/Eilean Mhoire · Pladda/Pladaigh · Sanda/Sandaigh · Sgat Mòr is Sgat Beag · Sheep Island · Great Cumbrae/Cumaradh Mòr · Little Cumbrae/Cumaradh Beag |