Øyar i Firth of Clyde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øyar i Firth of Clyde
Holy Isle sett frå Bute
Waverley i Brodick Bay føre Brodick Castle. Slike hjuldamparar var særs vanlege i Firth of Clyde.

Øyane i Firth of Clyde er den femte største øygruppa i Skottland etter Indre og Ytre Hebridane, Orknøyane og Shetlandsøyane. Øyane ligg i Firth of Clyde mellom Ayrshire og Argyll. Det er om lag 40 øyar og skjer og berre seks av desse er busette. Den største og mest folkerike er Arran.

Definisjonen av ei øy i denne lista er dei er omgjevne av sjøvatn det meste av tida, men ikkje nødvendigvis ved lågvatn, og dei vert òg rekna som øyar om dei er landfaste med bruer eller vegfyllingar. I motsetnad til dei fire større skotske øygruppene, har ingen av øyane i denne gruppa brusamband.

Geologien i området er komplekst og øyane har kvar sine eigne kjenneteikn. Highland Boundary-forkastinga går forbi Bute og gjennom den nordlege delen av Arran, så frå eit geologisk perspektiv er somme av desse øyane ein del av Det skotske høglandet og somme i Det sentrale låglandet.[1] Som med resten av Skottland var Firth of Clyde dekt av isbrear under dei siste istiden og landskapet er derfor forma deretter.[2]

Dei fleste øyane utgjorde tidlegare det tradisjonelle grevskapet Bute. I dag er øyane delt meir eller mindre likt mellom dei moderne regionane Argyll and Bute og North Ayrshire og berre Ailsa Craig og Lady Isle ligg i South Ayrshire. Dei har vore kontinuerleg busette sidan yngre steinalder. Dei vart påverka av kongedømet Dál Riata frå år 500 og så innlemma i kongedømet til Kenneth I av Skottland. Dei vart angripne av vikingar tidleg i mellomalderen og så innlemma i Kongedømet Skottland på 1200-talet.

Øyane er utsette for vind og tidvatn, og her finst fleire fyr som hjelper sjøfarten i området. [3]

Større øyar[endre | endre wikiteksten]

Byron DarntonSanda, visstnok den mest fjerntliggande puben i Skottland, kalla opp etter eit lokalt skipsvrak
Kart over Firth of Clyde

Dette er ei liste over dei største øyane (større enn 0,4 km²) i øygruppa.

Øy Plassering Areal (ha) Folketal[4] Sist busett Høgaste punkt[5] Høgd (moh)[6]
Ailsa Craig
(Creag Ealasaid)
South Ayrshire 99 0 1980-åra The Cairn 338
Arran
(Eilean Arainn)
Arran 43201 5058 Goat Fell 874
Bute
(Eilean Bhòid)
Bute 12217 7228 Windy Hill 278
Davaar
(Eilean Dà Bhàrr)
Kintyre 52 2 115
Great Cumbrae
(Cumaradh Mòr)
Bute 1168 1434 The Glaidstane 127
Holy Isle
(Eilean MoLaise)
Arran 253 13 Mullach Mòr 314
Inchmarnock
(Innis Mheàrnaig)
Bute 253 0 1980-åra 60
Little Cumbrae
(Cumaradh Beag)
Bute 313 0 1990-åra Lighthouse Hill 123
Sanda
(Sandaigh)
Kintyre 127 1 123

Mindre øyar[endre | endre wikiteksten]

Lady Isle med Ailsa Craig i bakgrunnen
Eilean Fraoich sett frå PS «Waverley».
Castle Island frå Little Cumbrae
Ailsa Craig sett frå Pladda

I nærleiken av:

  • Arran:
    • Pladda
    • Eilean na h-Àirde Bàine
    • Hamilton Isle
  • Kilbrannan Sound
    • Eilean Carrach, Skipness
    • Cour Island
    • Eilean Sunadale
    • Eilean Grianain
    • Eilean Carrach, Carradale
    • An Struthlag
    • Island Ross
    • Thorn Isle
    • Gull Isle
  • Loch Fyne
    • Eilean Buidhe, Portavadie
    • Eilean a' Bhuic
    • Eilean Buidhe, Ardmarnock
    • Eilean Ardgaddan
    • Kilbride Island
    • Eilean Math-ghamhna
    • Eilean Aoghainn
    • Eilean Fraoch
    • Glas Eilean
    • Liath Eilean
    • Eilean Mór
    • Heather Island
    • Duncuan Island
    • Inverneil Island
    • Eilean an Dúnain
    • Eilean a' Chomhraig
  • North Ayrshire-kysten:

Ikkje øyar[endre | endre wikiteksten]

The Cumbraes med Arran og Bute bakom

Desse er ikkje øyar, men har øynamn:

  • Eilean na Beithe, Portavadie
  • Eilean Beag, Cove
  • Eilean Dubh, Dalchenna
  • Eilean nan Gabhar, Melldalloch
  • Barmore Island, like nord for Tarbert, Kintyre.[7]
  • Eilean Aoidh, South of Portavadie, Kyles.
  • Eilean Leathan, Kilbrandon Sound like sør for Torrisdale Bay
  • Islachattan, within Campbeltown Loch
  • Island Muller, Kilbrandon Sound nord for Campbeltown

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gillen, Con (2003) Geology and landscapes of Scotland. Harpenden. Terra. s. 28.
  2. Gillen (2003) s. 174-86.
  3. "Lighthouse Library" Northern Lighthouse Board.
  4. General Register Office for Scotland (28 Nov 2003) Occasional Paper No 10: Statistics for Inhabited Islands [1]
  5. Haswell-Smith (2004) op cit og Ordnance Survey-kart.
  6. Ordnance Survey-kart.
  7. Barmore Island Gazetteer for Skottland Retrieved 1 desember 2007.