Shining Tor

Koordinatar: 53°15′39″N 2°00′34″W / 53.26070°N 2.00949°W / 53.26070; -2.00949
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shining Tor
ås
Toppen av Shining Tor.
Land  Storbritannia
Stad Cheshire, England
 - høgd 559 moh.
 - Primærfaktor 236 m
Kart
Shining Tor
53°15′39″N 2°00′34″W / 53.2607°N 2.0094888888889°W / 53.2607; -2.0094888888889
Wikimedia Commons: Shining Tor

Shining Tor er ein ås i Peak District i England, mellom byane Buxton og Macclesfield, på grensa mellom Derbyshire og Cheshire. Toppen er det høgaste punktet i Cheshire med ei høgd på 559 meter over havet. Ordet tor tyder ein høg ås og kjem frå gammalengelsk.[1]

Ein kan nå toppen langs mange stiar, men det er vanlegast å starte frå Goytdalen ved Errwood-reservoaret. Toppen er forholdsvis flat, så sjølv om toppen er høg, er det ikkje like godt utsyn i alle retningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tor definition and meaning | Collins English Dictionary». www.collinsdictionary.com (på engelsk). Henta 24. september 2023. 

53°15′39″N 2°00′34″W / 53.26070°N 2.00949°W / 53.26070; -2.00949