Shkumbin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shkumbin
Shkumbin mellom de to byane Librazhd og Elbasan
Shkumbin mellom de to byane Librazhd og Elbasan
Utspring sørvest for Pogradec
Munning Adriatarhavet, 18 km vest for byen Rrogozhina
Lengd 181

Shkumbin er ei elv sentralt i Albania. Ho er 181 km lang, og renn ut i Adriatarhavet. Elva er rekna som den tradisjonelle skiljelinja mellom dei to albanske dialektane toskisk (på sørsida) og gegisk (på nordsida).

Kartet viser nedbørfeltet til Shkumbin som det midtre gule feltet. Elva renn frå aust til vest i Albania.

Elva har utspring i fjella sørvest for Ohridsjøen, eit stykke frå byen Pogradec. Løpet kryssar nesten hele Albania frå aust til vest. Elva flyt først nordover og deretter mot nordvest, gjennom Qukës og Librazhd, før ho vender mot vest og renn gjennom Polis, Elbasan, Cërrik, Peqin og Rrogozhinë. Shkumbin renn ut i Adriatarhavet aust for Rrogozhinë og nordvest for Divjakë.[1]

Det latinske namnet på Shkumbin er «Genusus». Lenge utgjorde elva nordgrensa for regionen Epirus.[2] På 400-500-talet danna ho den kulturelle grensa mellom Illyria og Hellas i antikken.[3]

Shkumbin renn forbi Elbasan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Shkumbin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart over Shkumbin ved Google Maps
  2. Mikropoulos A. Tassos.Elevating and Safeguarding Culture Using Tools of the Information Society: Dusty traces of the Muslim culture. Earthlab. ISBN 978-960-233-187-3, p. 320: «Therefore the river referred to as Gennousos in ancient sources... again became a natural border in the north of Epirus». Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. Nicholas Geoffrey Lemprière Hammond. Migrations and invasions in Greece and adjacent areas. Noyes Press, 1976. ISBN 978-0-8155-5047-1. p. 54: «The line of division between Illyricum and the Greek area, 'Epirus Nova', in terms of Roman provincial administration ran somewhere between Scodra and Dyrrachium and then eastwards on the north side of the Shkumbi and Lake Ochrid». Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.