Ohridsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ohridsjøen
Ohridsjøen - Utsyn over Ohridsjøen
Utsyn over Ohridsjøen
Stad Grensa mellom Albania og Republikken Makedonia
Koordinatar 41°05′N 20°45′E
Utsig Svarte Drin
Tilsigsområde 2 600 km²
Tilknytte land Albania,
Republikken Makedonia
Største lengde 30,4 km
Største breidde 14,8 km
Overflateareal 358 km²
Middeldjupne 155 m
Største djupne 288 m
Vassvolum 55,4 km³
Hydraulisk opphaldstid 70 år
Kystlengd1 87,53 km
Makedonia: 56,02 km;
Albania: 31,51 km
Høgd over havet 693 m
Øyar ingen
Busetnadar Ohrid, Struga (Makedonia);
Pogradec (Albania)
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Ohridsjøen (makedonsk Охридско Езеро, Ohridsko Ezero; albansk Liqeni i Ohrit) ligg mellom fjella i grenseområdet mellom det sørvestlege området av Republikken Makedonia og det austlege Albania. Det er den djupaste og eldste innsjøen på Balkan, og har eit unikt akvatisk økosystem med meir enn 200 endemiske artar, som er viktige for heile verda. Derfor har innsjøen vore på Verdsarvlista til UNESCO sidan 1979. Menneskeleg aktivitet langs kysten og i nedslagsfeltet har derimot ført til at økosystemet er i fare.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart

Ohridsjøen er den djupaste innsjøen på Balkan med 288 m på det djupaste og eit middeldjup på 155 m. Han dekkjer eit areal på 358 km² og inneheld om lag 55,4 km³ med vatn. Han er 30,4 km lang på det lengste og 14,8 km brei med ei kystlinje på 87,53 km, der 56,02 km er i Makedonia og 31,51 km er i Albania.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Ohridsjøen og Prespasjøen høyrer til ei gruppe sedimentbasseng som oppstod som følgje av geotektonisk senking under pliocenepoken opp mot fem millionar år sidan på vestsida av Dei dinariske Alpane. På verdsbasis er det berre få innsjøar som har vorte danna på liknande måte, mellom anna Bajkalsjøen og Tanganyikasjøen. Slike innsjøar har ofte berre ei levetid på mindre enn 100 000 år før dei etter kvart vert fylt opp med sediment. Ein trur at i Ohridsjøen er denne prosessen forseinka fordi han er så pass djup og at det meste av sedimenta vert filtrert før dei kjem ut i innsjøen. I tillegg er Ohrid-Korca-graben sør for innsjøen framleis tektonisk aktiv og subduksjon her kan oppvege sedimenteringa. Prespasjøen har derimot sannsynlegvis vorte tørr fleire gonger gjennom tidene på grunn av den karstiske undergrunnen.[1]

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete

Nedslagsfeltet til innsjøen er om lag 2600 km² og består hovudsakleg av underjordiske kjelder på austkysten (om lag 50 % av det totale tilsiget) og om lag 25 % kjem frå elvar og direkte nedbør. Over 20 % av vatnet kjem frå Prespasjøen, som ligg om lag 10 km mot søraust og er 150 m høgare over havet. Vatnet går frå Prespasjøen gjennom underjordiske vassløp i det karstiske landskapet. Det einaste utløpet frå Ohridsjøen er Svarte Drin, som strøymer nordover i Albania og endar opp i Adriaterhavet. Denne elva utgjer om lag 60 % av utsiget frå innsjøen, medan fordamping utgjer resten. Det tørre middelhavsklimaet og det litle nedslagsfeltet (forholdet mellom nedslagsfeltet og overflatearealet til innsjøen er om lag 1 til 7) fører til at den hydrauliske opphaldstida (kor lang tid vatnet oppheld seg i innsjøen) er på om lag 70 år.[2][3][4]

Fysiske og geokjemiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Vatnet i overflata av Ohridsjøen strøymer hovudsakleg mot klokka langs kysten, på grunn av vindpådrag og jordrotasjonen, på same måte som ekmantransport i havet. Konvektiv blanding under vinteravkjølinga er ein dominerande prosess når det gjeld vertikal utveksling av vatn i innsjøen. Men i løpet av ein normal vinter vert berre dei 150-200 øvste metrane blanda, medan dei nedste laga er stabilt lagdelt av salinitet. Denne stabiliteten fører til at ei total blanding i heile djupet berre skjer om lag kvart sjuande år.[3][5]

Ohridsjøen er næringsfattig (oligotrofisk), og i kombinasjon med at vatnet vert filtrert i undergrunnen før det kjem ut i innsjøen er Ohridsjøen svært klår, med ei sikt på opp til 22 m.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Ohridsjøen inneheld fleire endemiske artar (artar som stort sett berre finst her). På liknande måte som Bajkalsjøen og Tanganyikasjøen har Ohridsjøen endemiske artar som dekkjer heile næringskjeden, frå planteplankton og algar (20 artar), via planteartar (to artar, t.d. Chara ohridana), dyreplankton (fem artar; t.d. Cyclops ochridanus), karpefisk (åtte artar, t.d. Pachychilon pictus), til rovfisk (to aureartar; «Ohrid-aure» Salmo letnica og «Belvica» Acantholingua ohridana), i tillegg til den mangfaldige endemiske botnfaunaen (176 artar, t.d. Ochridagammarus solidus), særleg krepsdyr, blautdyr, svampar og planariar.[1][6][7]

Ein har i tillegg meir vanlege artar i innsjøen, særleg fuglar og europeisk ål[8] Sivkrattet langs breidda av innsjøen er overvintringsplass for hundretusenvis av vassfuglar, mellom anna sjeldne og truga artar som krøllpelikan, kvitaugeand, svaner, storskrikørn og keisarørn.

Samfunnsøkonomisk[endre | endre wikiteksten]

Det ligg tre byar langs kysten av innsjøen: Ohrid og Struga på den makedonske sida, og Pogradec i Albania. Det finst òg fleire fiskelandsbyar, men turisme er no ein aukande del av inntekta i området. I nedslagsfeltet til innsjøen bur det om lag 170 000 menneske, der 131 000 bur heilt nær kysten av innsjøen (43 000 i Albania og 88 000 i Makedonia). Folkesetnaden i nedslagsfeltet har auka med 100 000 dei siste 50 åra, noko som har sett press på det skjøre økosystemet. Dei historiske monumenta og dei urørte områda rundt Ohridsjøen trekkjer til seg turistar. På 1980-talet vitja meir enn 200 000 turistar den makedonske delen av innsjøen i året, men under Jugoslavia-krisa kollapsa turismen, som no sakte er i ferd med å byggje seg opp att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 S. Stankovic, "The Balkan Lake Ohrid and its living world", Monographiae Biologicae, Vol. IX (Uitgeverij Dr. W. Junk, Den Haag, Netherlands, 1960)
  2. Z. Spirkovski, Z. Krstanovski, L. Selfo, M. Sanxhaku, V.I. Puka, "The Monitoring Programme of the Lake Ohrid Conservation Project", i Transboundary Water Resources in the Balkans: Initiating a Sustainable Co-Operative Network, ed. Jacques Ganoulis, I L Murphy, Mitja Brilly (Springer, 2000)
  3. 3,0 3,1 A. Matzinger, Z. Spirkovski, S. Patceva, A. Wüest, "Sensitivity of ancient Lake Ohrid to local anthropogenic impacts and global warming" (Journal of Great Lakes Research 2006, 32: 158-179)
  4. A. Matzinger, M. Jordanoski, E. Veljanoska-Sarafiloska, M. Sturm, B. Müller, A. Wüest, "Is Lake Prespa jeopardizing the ecosystem of ancient Lake Ohrid?" (Hydrobiologia 2006, 553: 89-109)
  5. S. D. Hadzisce, "The mixo-phenomenon of Lake Ohrid in the course of the years 1941/42-1964/65 (på tysk)" (Proceedings of the International Association of Theoretical and Applied Limnology 1966, 16: 134-138)
  6. H. Salemaa, "Lake Ohrid", i Speciation in Ancient Lakes, eds. K. Martens, B. Goddeeris, G. Coulter (Archiv für Hydrobiologie - Advances in Limnology 1994, 44: 55-64)
  7. J. Sell, Z. Spirkovski, "Mitochondrial DNA differentiation between two forms of trout Salmo letnica, endemic to the Balkan Lake Ohrid, reflects their reproductive isolation" (Molecular Ecology 2004, 13: 3633–3644)
  8. M.R. Frogley, R.C. Preece, "A faunistic review of the modern and fossil molluscan fauna from Lake Pamvotis, Ioannina, an ancient lake in NW Greece; implications for endemism in the Balkans", i Balkan Biodiversity: Pattern and Process in the European Hotspot, eds. Huw I. Griffiths, Jane M. Reed, Boris Kryštufek (Springer, 2004)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]