Almería

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Almería
2007-12-18-04668 Spain Almeria Alcazaba.jpg
Flagget til Almería Byvåpenet til Almería
Flagget til Almería Byvåpenet til Almería


Plassering
Almería is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Almería
Grunnlagd 955
Borgarmeister Luis Rogelio Rodríguez-Comendador Pérez
Geografi
Flatevidd
 - By

295 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

189 798
  643,4 /km²
Koordinatar 36°50′″N 2°27′″WKoordinatar: 36°50′″N 2°27′″W
Høgd over havet 23 moh
Diverse annan informasjon

Almería er provinshovudstad i provinsen Almería i Andalucía i Spania. Han ligg søraust i landet ved Middelhavet og har kring 190 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Almería kjem frå det arabiske المرية Al-Mariyya: «Spegelen», som viser til «havspegelen».

Byen vart grunnlagd av kalifen Abd ar-Rahman III i Cordoba, i 955, som ein hamneby for å forsterke forsvaret i Middelhavet.

Alcazaba av Almería.

Den mauriske borga Alcazaba, er den nest største av dei muslimske festningane i Andalucía etter Alhambra.

I denn eperioden nådde hamnebyen Almería gullalderen sin, og etter oppdelinga av kalifatet Cordoba, under mektige loakle muslimske taifa-emirar som Jairan, den første sjølvstendige emiren av Almería og Cartagena og Almotacin, den poetiske emiren, var både ein fryktlaus krigar, men òg ein som støtta opp kunsten. Ein silkeindustri, basert på morbærtreplantasjar i det varme, tørre landskapet, støtta Almería økonomisk på 1000-talet og gjorde den viktige hamna enno meir verdifull. Emirane i Granada og Valencia la fleire omleiringar på Almería, i tillegg til harde omleiringar frå dei kristne under det andre krosstoget

Statuen av San Cristóbal.

Alfonoso VII styrte ein blanda styrke av katalanarar, genuesarar, folk frå pisa og frankarar i eit krosstog mot den rike byen og Almería vart okkupert i oktober 1147. Innan eit tiår hadde gått hadde byen gått over til dei puritanske almoravidane, og sjølv om den flotte kulturen forsvann, var det først på 1400-talet at byen permanent kom tilbake til dei kristne då han vart overgjeve til Ferdinand og Isabella den 26. desember 1489.

Antigua Estación del Ferrocarril.

På 1500-talet vart Almería råka av både naturlege og menneskelege katastrofar. Det var minst fire jordskjelv, der jordskjelvet i 1522 var særleg kraftig og øydela store delar av byen. Muslimane i byen vart drive bort frå Almería etter Las Alpujarras-krigen i 1568 og spreidd over heile Spania. Byen vart ofte angripe av berbiske sjørøvarar fram til 1700-talet. I denne perioden vart det oppdaga store jernførekomstar og franske og britiske gruveselskap kom til området. Dette førte rikdom tilbake til Almería og han vart igjen ein relativt viktig by i Spania.

Under den spanske borgarkrigen vart byen bombardert av den tyske marinen.[1] Amleira og Málaga var dei siste andalusiske byane som overgav seg til styrkane til Francisco Franco.

På andre halvdel av 1900-talet opplevde Almería stor økønomisk vekst på grunn av turisme og omfattande jordbruk.

Cable Inglés om kvelden

Geografi[endre | endre wikiteksten]

På grunn av det tørre landskapet er fleire spaghetti western-filmar filma i Almería. Enkelte av filmsetta eksisterer framleis i Tabernasørkenen. Byen og området vart òg nytta til innspeling av Lawrence of Arabia (1962), The Wind and the Lion (1975) og andre.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Almería er ein av dei mest solrike, varmaste og tørraste stadane i Europa. Han har om lag 3000 soltimar året rundt og rundt 320 soldagar i snitt. Den årlege middeltemperaturen er rundt 19 °C, og han får om lag berre 25-30 dagar med regn i året. Om vinteren er dagtemperaturen på det meste rundt 14-20 °C. Om kvelden fell temperautren sjeldan under 8 °C. Nedbøren kjem i form av kortvarige, men kraftige regnbyer. I den varmaste månaden, august, er det klår himmel og ikkje noko regn. Dagtemperaturen varierer då typisk frå 28-34 °C, men vert stundom høgare. Minimumstemperaturen held seg godt over 20 °C. Havtemperaturen held seg rundt 17 °C om vinteren og 26 °C om sommaren.

Mal:Infoboks vêr

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Abella, Rafael La vida cotidiana durante la guerra civil: la España republicana. s.254 Editorial Planeta 1975