Granada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Granada
Granada
Granada
Granada
Flagget til Granada Byvåpenet til Granada
Flagget til Granada Byvåpenet til Granada
Kallenamn
«Solbyen»
Plassering
Granada is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Granada
Geografi
Flatevidd
 - By

88 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

237 929
  2 703,7 /km²
Koordinatar 37°10′″N 3°36′″WKoordinatar: 37°10′″N 3°36′″W
Høgd over havet 738 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 18000
Telefon-retningsnummer 968
Nettstad: www.ayto-murcia.es

Granada er ein by i Andalucía, sør i Spania. Byen ligg ved foten av fjellrekkja Sierra Nevada, ved samløpet til fire elvar: Darro, Genil, Monachil og Beiro. Han er provinshovudstad i provinsen Granada. Granateple (spansk granada) er det heraldiske symbolet til Granada.

Byen har kring 240 000 innbyggjarar; kring 60 000 av desse er studentar. Universitetet i Granada vart grunnlagt i 1531 av kong Karl I av Spania, med røter i ein eldre maurisk madrassa, og er rekna som eit av dei mest presisjefylte universiteta i landet.

Staden vart folkesett i oldtida av iberarar, romarar og visigotar. Busetnaden vart ein større by i Al-Andalus på 1000-talet under Taifaen Granada.[1] På 1200-talet vart han hovudstad for Emiratet Granada under Nasridedynastiet, den siste staten styrt av muslimarDen iberiske halvøya. Granada vart erobra i 1492 av dei katolske monarkane og omforma til ein kristen by i løpet av 1500-talet.[2]

Alhambra, eit citadell og palass frå Nasridedynastiet, ligg i Granada. Det er eit av dei best kjende døme på muslimsk arkitektur,[3] og eit av dei mest vitja turistmåla i Spania.[4][5] Påverknad frå muslimsk tid og maurararkitektur er også framleis til stades i Albaicín-delen av byen og i andre byggverk frå mellomalderen.[6] På 1500-talet bløma også mudéjar- og renessansearkitektur her,[7] seinare følgd av barokke og churriguerastilar.[8][9]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde av Granada som syner Sierra Nevada i aust og resten av Vega of Granada, med fleire kommunar som dannar det større byområdet rundt Granada, i vest.

Granada ligg i Vega de Granada, ei senking eller slette i fjellsystemet Cordilleras Béticas, som fortset i vest med Archidona og Antequera og i aust med Guadix, Baza og Huéscar.[10]

Den fruktbare jorda i Vega er veleigna for jordbruk, og vert vatna av elver frå Sierra Nevada og andre mindre fjellkjeder. Alle utgjer nedslagsfeltet til Genilelva,[11] som renn gjennom bysentrum i ein aust-vest-retning. Monachil, som renn inn i Genil frå venstre, renn også gjennom byen og renn saman med Genil vest for det.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Granada har a middelhavsklima med varme somrar (Csa) som nærmer seg kaldt steppeklima (BSk). Somrane er varme og tørre med daglege gjennomsnittstemperaturar på 34 °C i den varmaste månaden (juli). Temperaturar på over 40 °C er ikkje uvanlege om sommaren. Vintrane er kjølige og fuktige, og det meste av nedbøren finn stad frå november til januar. Den kaldaste månaden er januar, med temperaturar om dagen rundt 13 °C som går ned til rundt 1 °C om natta. Frost er vanlege ettersom temperaturar ofte går under frysepunktet tidleg om morgonen. Snø er uvanleg, men opptrer nokre år. Vår og haust er ustadige, med milde til varme temperaturar. Tidleg på sommaren i 2017 opplevde byen to store heitebølgjer som slo gamle, langvarige varmerekordar med ei ny maksimumstemperatur for juni på 40,6 °C den 13. juni (den tidlegare rekorden var 40,0), som så vart slått tre gonger i løpet av fire dagar med 40,9 °C den 14. juni, 41,3 (15. juni) og til slutt 41,5 (17. juni). Rundt ein månad seinare kom ei ny bølgje med ekstreme temperaturar. Det vart sett ny varmerekord for juli med 45,7 den 12. og 45,3 °C den 13. juli, nesten 3 grader meir enn den føre rekorden for denne månaden.

Vêrdata for Granada (Granada Base Aérea, 687 moh.)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 23,4 27,6 29,1 31,9 38,6 40,2 43,5 42 40,6 35,2 27,6 24,8 43,5
Gjennomsnittleg maks °C 12,6 14,6 18 19,5 24 30,2 34,2 33,5 28,7 22,6 16,5 13,1 22,3
Døgnmiddeltemperatur °C 6,9 8,5 11,4 13,1 17,1 22,5 26 25,5 21,6 16,3 10,9 7,9 15,7
Gjennomsnittleg min °C 1,2 2,4 4,8 6,8 10,2 14,7 17,7 17,6 14,4 10,1 5,3 2,7 9
Lågast målte °C −12,6 −13,4 −6,4 −1,9 0,6 5,6 9 8,2 1,2 −0,5 −4,5 −8,6 −13,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 41 33 35 37 30 11 2 3 23 38 50 50 353
Gns. nedbørsdagar 5,8 5,6 5,1 6,3 4,7 1,7 0,3 0,6 2,7 5,1 6,7 7,2 51,8
Gns. snødagar 0,7 0,5 0,2 0,1 0 0 0 0 0 0 0,1 0,3 2
Gns. luftfukt (%) 72 68 60 57 51 43 37 41 51 62 71 75 57
Gns. solskinstimar i månaden 170 172 219 234 280 331 362 330 254 211 164 148 2 881
Kjelde: Agencia Estatal de Meteorología[12][13]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldre tider[endre | endre wikiteksten]

Byen har vore busett sidan starten på historisk tid. Det fanst ein keltiberisk busetnad her, som fekk kontakt med fønikarane, kartagenarane og dei gamle grekarane. På 400-talet fvt. oppretta grekarane ein koloni dei kalla Elibyrge eller Elybirge (gresk skrift Ἐλιβύργη) på staden. Under romersk styre dei siste hundreåra f.Kr., hadde namnet vorte Illiberis. Som Illiberis fekk byen prege sine eigne myntar. Vestgotarane opprettheldt byen som eit viktig senter for både kyrkja og borgarleg forvalting, og forsterka forsvarverket i byen. Byen låg òg under Austromarriket i 60 år.

Alhambra

Eit jødisk samfunn vart oppretta som ein forstad til byen og fekk namnet Gárnata eller Gárnata al-yahud («Granadaen til jødane»). Det var med hjelp av dette samfunnet at dei mauriske styrkane først tok byen i 711, sjølv om han ikkje var fullstendig sikra før i 713. Dei kalla byen det iberiske namnet Ilbira, medan den resterande kristne busetnaden kalla han Elvira og han vart hovudstad i ein provins i Cordoba-kalifatet. Borgarkrigar som øydela kalifatet tidleg på 1000-talet førte til at byen vart øydelagd i 1010. Under gjenoppbygginga vart forstaden Gárnata (arabisk skrift غرناطة) innlemma i byen og det moderne namnet kjem frå denne forstaden. Då Zirid-dynastiet tok over byen i 1013 vart Granada ein del av det sjølvstendige emiratet Taifaen Granada. Mot slutten av 1000-talet hadde byen spreidd seg over Darro og nådd staden der Alhambra ligg i dag.

Nasrideemiratet Granada[endre | endre wikiteksten]

I 1228, då Almohad-prinsen Idris forlet Iberia for å ta over som leiar av Almohad, tok den ambisøse Ibn al-Ahmar over og oppretta det mest langvarige muslimske dynastiet på Den iberiske halvøya - nasridane. Då Reconquista kom i full sving etter erobringa av Cordoba i 1236, stilte nasridane seg på side med Ferdinand III av Castilla, og vart offisielt ein vasallstat i 1228. Staten vart offisielt «Emiratet Granada» i 1238.

Granada var verande ein vasall under Castilla i fleire tiår og gav dei høve til handel med den muslimske verda, særleg gullhandel frå områda like sør for Sahara. Nasridane gav òg Castilla soldatar, og leigesoldatar frå Nord-Afrika.

2. januar 1492 overgav den siste muslimske sultanen i Iberia, Muhammad XII, kjend som Boabdil for spanjolane, seg og gav frå seg Granada til Ferdinand og Isabella, Los Reyes Católicos («dei katolske monarkane»), etter å ha omleira byen.

Dei viktigaste nasrideherskarane i Granada var:

Fallet til Granada markerte slutten på den åttehundre år lange periode med islamsk styreDen iberiske halvøya.

Granada etter 1492[endre | endre wikiteksten]

Kapituleringa til Granada av F. Padilla: Muhammad XII føre Ferdinand og Isabella.

Erobringa av det muslimske Granada av styrkane til Ferdinand og Isabella er ei av dei viktigaste hendingane i historia til Granada. Fredsavtalen gjorde at dei muslimske innbyggjarane i byen skulle få halde fram å bu fritt i byen og få halde både trua og skikkane sine. Dei muslimske innbyggjarane vart kjende som mudéjar, eit omgrep som kan tolkast som 'underkasta' eller 'temja'. Dei jødiske innbyggjarane måtte etter planen konvertera til kristendommen eller eller forlata byen innan tre år,[16] men denne ordninga vart raskt erstatta av Alhambra-decketet frå 31. mars 1492, som tvinga alle jødar i Spania til å konvertera eller verta utviste innan fire månader.[17][18] Konverterte jødar vart kalla conversos. Nokre av dei heldt fram med å praktisera trua si i løyndom som såkalla kryptojødar eller marranoar.

I 1499 vart kardinal Francisco Jiménez de Cisneros frustrert av den første erkebiskopen i Granada Fernando de Talavera, som han meinte var for treg med å prøve å vende om muslimane. Han innførte derfor eit ein plan for å få døypt dei med tvang. Planen til Cisneros var eit brot på fredsavtalen og dette provoserte eit væpna opprør i Alpujarras, ein landleg region sørvest for byen. Som svar på opprøret, i 1501, oppheva den kastiljanske krona avtalen og kravde at muslimane i Granada anten skulle konvertere eller flytte ut. Mange valde å flytte til Nord-Afrika, særleg blant den muslimske eliten, men dei fleste muslimane i byen valde å vera verande og konverterte til kristendommen, sjølv om nokre av dei heldt fram å dyrke islam i løyndom. Dei katolske etterkomaranae av maurarane vart kalla moriscoar.

Byen avbilda på 1500-talet i Civitates orbis terrarum

I løpet av 1500-talet fekk Granda eit gradvis meir kristent og kastiljansk preg då folk frå andre delar av Den iberiske halvøya flytta hit..[19] Då byen overgav seg i 1492 hadde han 50 000 innbyggjarar, nokre få av dei kristne som hovudsakleg var fangar. I 1561 (året den fyrste kongelege folketeljinga vart halden) husua byen 30 000 kristne tilflyttarar og rundt 15 000 moriscoar.[19]

Moskeane i byen vart omdanna kyrkjer.[a][21] Frå 1520-talet av byrja ein byggja nye kyrkjer i staden for å konvertera moskear.[21] Nye bygg som katedralen og Chancilleríaen omdanna det urbane landskapet. I 1531 skipa Karl I (V) Universitetet i Granada på staden der den tidlegare madrasaen bygd av Yusuf I hadde stått.[22]

I desember 1568, under ei tid med fornya forfølging av moriscoar, braut det ut eit opprør i Alpujarras kjent som det andre moriscoopprøret.[23] Sjølv om morisco-innvbyggjarane i byen hadde lite å gjera med opprøret, gav kong Filip II ordre om å utvisa den store fleirdelen av dei frå kongeriket Granada, med unntak for handverkarar og profesjonelle som vart rekna som essensielle for økonomien. Dei utviste folka vart busette spreidd i byar i heile Castilla. Den siste forvisinga av moriscoane frå Castilla og Aragon fann stad mellom 1609 og 1614.[23]

Seinare historie fram til i dag[endre | endre wikiteksten]

Kart over Granada frå tidleg 1600-tal

På 1600-talet stagnerte innbyggjartalet i byen på rundt 55 000, trass i betydeleg innvandring[24] og ein folkeauke elles i landlege delar av Kongeriket Granada,[25] som var blitt sterkare avfolka gjennom utvisinga av moriscoane i det føre hundreåret. Den demografiske stagnasjonen i byen på 1600-talet og den jamne folkeveksten i riket elles likna den demografiske katastrofen ein såg i heile Castilla-riket i dette hundreåret.[26] Granada vart forbigått i tyding av andre byar som Sevilla og hovudstaden Madrid.[27]

Mellom 1810 og 1812 var Granada okkupert av styrkane til Napoleon under Den spanske sjølvstendekrigen.[27] Dei franske styrkane nytta Alhambra som festningsverk, og forårsaka betydeleg skade på bygningen. Då dei trekte seg ut frå byen prøvde dei å sprenga heile komplekset, og klarte øydelegga åtte tårn før den spanske soldaten José Garcia klarte å kopla frå dei gjenverande luntene og slik redda resten av bygget.[28] Den amerikanske forfattaren Washington Irving heldt til i Granada i 1830 og skreiv Tales of the Alhambra, noko som vekte noko internasjonal interesse for Sør-Spania og den muslimske arkitekturen der.[29]

På 1930-talet var spenningane som til slutt delte Spania i borgarkrig tydelege i Granada, med hyppige opptøyar og friksjon mellom grunneigarar og bønder. Då den spanske borgarkrigen braut ut i 1936, var Granada ein av byane som slutta seg til dei nasjonalistiske opprørarane.[30][31] Det var lokal motstand mot nasjonalistane, særleg frå arbeidarklassefolka i Albaicín, som vart slått ned med vald.[29] På 1950- og 1960-talet, under Franco-styret, var provinsen Granada eit av dei fattigaste områda i Spania.[29] I seinare tiår har turisme vorte ein viktig næringsveg i byen.[29]

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

På 1200- og 1300-talet vart slotts- og borgområdet Alhambra bygd på Sabika-åsen, eit utspring frå Sierra Nevada med utsyn over Granada. Citadellet med hagar og bygningar er eit av dei best kjende døma på muslimsk arkitektur og eit av dei best bevarte palassa frå den historiske muslimske verda, i tillegg til å innehalda særmerkte døme på spansk renessansearkitektur.[32][3][33] Det er ein av dei fremste turistattraksjonane i Spania, og vart teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1984, saman med Generalife og gamlebyen Albaicín.[32]

Generalife-palasset

Generalife er ein landstad eller sommarpalass frå Nasridedynastiet som ligg like aust for Alhambra, i ein skråning over det. Han vart fyrst utvikla av Muhammad II og Muhammad III seint på 1200- og tidleg på 1300-talet.[34][35] Palasset omfattar fleire rektangelforma hagetun med dekorative paviljongar på kvar side. Det var opphavleg knytt til Alhambra av ein korridor med murar som gjekk gjennom dalen mellom dei. Palasset vart omforma og omdekorert av fleire seinare nasrideherskarar.[36] Det vart også mykje omforma av spanske kristne byggherrar seint på 1500-talet, som la til renessanseelement.[36]

Sørportalen til domkyrkja i Granada.

Domkyrkja i Granada er bygd over den store nasridemoskeen i sentrum av byen. Bygginga byrja under den spanske renessansen tidleg på 1500-talet, kort tid etter den katolske erobringa av Granada. Dei katolske monarkane tilsette Juan Gil de Hontañón og Enrique Egas for å gjennomføra arbeidet. Det vart bygt fleire storslåtte bygningar under Karl I/Karl V av Det tysk-romerske riket, så domkyrkja er samtidig med Palasset til Karl V, universitetsbygningen og Real Chancillería (høgsteretten).

Dei katolske monarkane Isabella og Ferdinand, dottera deira Johanna av Castilla og ektemamnnen hennar Filip I av Castilla er gravlagde i det rikt dekorerte kongelege kapellet i domkyrkja. Kapellet inneheld kunst frå flamske, italienske og spanske kunstnarar.[37]


Kjende folk frå Granada[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eit tidleg døme er Almoravidmoskeen (Masjid al-Murabitun), som vart gjort om til San José-kyrkja i 1494. Minareten vart omforma til klokketårn for kyrkja, som ein framleis kan sjå.[20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. García-Arenal, Mercedes (2014). «Granada». I Fleet, Kate; Krämer, Gudrun; Matringe, Denis; Nawas, John; Rowson, Everett. Encyclopaedia of Islam, Three. Brill. ISSN 1873-9830. 
  2. Coleman 2013.
  3. 3,0 3,1 Bloom 2020, s. 151.
  4. «The Alhambra». US News – Travel. Henta 14. november 2021. 
  5. «Alhambra visitor numbers hit record high». The Local Spain (på engelsk). 12. januar 2015. Henta 14. november 2021. 
  6. M. Bloom, Jonathan; S. Blair, Sheila, red. (2009). «Granada». The Grove Encyclopedia of Islamic Art and Architecture. Oxford University Press. ISBN 9780195309911. 
  7. Coleman 2013, s. 70, 89.
  8. Carsten, F. L. (1961). The New Cambridge Modern History: Volume 5, The Ascendancy of France, 1648-88 (på engelsk). CUP Archive. s. 174. ISBN 978-0-521-04544-5. 
  9. «Baroque Architecture in Granada». www.whatgranada.com. Henta 14. november 2021. 
  10. Menor Toribio (1997). «Transformaciones recientes en la organización territorial de la Vega de Granada: del espacio agrario tradicional a la aglomeración urbana actual». Estudios Regionales (48): 190–191. ISSN 0213-7585. 
  11. Menor Toribio 1997, s. 192.
  12. «Valores climatológicos normales. Granada Base Aérea».  (in Spanish)
  13. «Valores extremos. Granada Base Aérea». Henta 8 August 2017. 
  14. «Valores climatológicos normales. Granada Aeropuerto». 
  15. «Valores extremos. Granada Aeropuerto». Henta 8. august 2017. 
  16. Harvey 1990, s. 321.
  17. Coleman 2013, s. 38.
  18. O'Callaghan, Joseph F. (2014). The Last Crusade in the West: Castile and the Conquest of Granada. University of Pennsylvania Press. s. 244. ISBN 9780812245875. 
  19. 19,0 19,1 Coleman 2013, s. 15.
  20. Dickie, James; Marín, Manuela (1992). «Granada: A Case Study of Arab Urbanism in Muslim Spain». I Jayyushi, Salma Khadra. The Legacy of Muslim Spain (på engelsk). Brill. s. 101. ISBN 978-90-04-09599-1. 
  21. 21,0 21,1 Coleman 2013, s. 96-97.
  22. Drayson, Elizabeth (2021). Lost Paradise: The Story of Granada (på engelsk). Head of Zeus Ltd. ISBN 978-1-78854-744-4. 
  23. 23,0 23,1 Coleman 2013, s. 7-8.
  24. García Latorre, Juan (1991). «El reino de Granada en el siglo XVII. Repoblación e inmigración». Chronica Nova: Revista de Historia Moderna de la Universidad de Granada (19): 154. ISSN 0210-9611. 
  25. Garrido García, Carlos Javier (2006). «Evolución sociodemográfica del Reino de Granada en el siglo XVII: el caso de la parroquia de Santa Ana de Guadix» (PDF). Boletín del Centro de Estudios Pedro Suárez: Estudios Sobre las Comarcas de Guadix, Baza y Huéscar (19): 61. ISSN 1887-1747. 
  26. Garrido García 2006, s. 60–61.
  27. 27,0 27,1 RingSalkinLa Boda 1995, s. 298.
  28. López 2011, s. 301.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 RingSalkinLa Boda 1995, s. 299.
  30. RingSalkinLa Boda 1995, s. 298-299.
  31. «Spanish Civil War | Definition, Causes, Summary, & Facts | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 14. november 2021. 
  32. 32,0 32,1 «Alhambra, Generalife and Albayzín, Granada». World Heritage List. UNESCO. Henta 13. januar 2013. 
  33. Arnold 2017, s. 234.
  34. Ruggles 2000, s. 155–156.
  35. Arnold 2017, s. 257.
  36. 36,0 36,1 López 2011, s. 219–237.
  37. «Royal Chapel of Granada. Five hundred years of history». Capillarealgranada.com. Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 11. mars 2011. 
Kjeldeliste
Panoramabilde av Granada frå april 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Granada