Erik Solheim
Erik Solheim (fødd 18. januar 1955 i Oslo) er ein norsk politikar for SV. 17. oktober 2005 vart han utnemnd til statsråd i Regjeringa Stoltenberg II med ansvar for utviklingssaker (utviklingsminister). Hausten 2007 fekk han òg ansvaret for Miljøverndepartementet. Han gjekk av som minister i 2012.
Solheim er utdanna cand.mag. med faga historie og sosiologi.
Han var leiar i Sosialistisk Ungdom i åra 1977–1980, partisekretær i SV frå 1981 til 1985, og leiar for SV i perioden 1987–1997. Han var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag i perioden 1989–1993, og frå Oslo i perioden 1993–2001. Den personlege rådgjevaren til Solheim då han var SV-leiar og stortingsrepresentant var i fleire år Thor Gjermund Eriksen, som seinare vart redaktør i Dagbladet. Som SV-leiar etterfølgde han Theo Koritzinsky, og vart sjølv etterfølgd av Kristin Halvorsen.
Frå våren 2000 hadde han permisjon frå Stortinget for å vere spesialrådgjevar for det norske Utanriksdepartementet på Sri Lanka. Målet var å arbeide fram ein fredsavtale mellom styresmaktene i landet og LTTE. Vararepresentanten hans i utanrikskomitéen på Stortinget var i denne perioden Lisbet Rugtvedt.
Solheim har vore valobservatør i Russland, Georgia, Kviterussland og Ukraina. I tillegg til engasjement for fred og konfliktløysing har Solheim alltid vore svært oppteken av miljøspørsmål, og han var mellom anna med på SN sin miljøkonferanse i Rio i 1992. I utviklingspolitikken har han, i tillegg til fred og miljø, vore oppteken av kvinner og likestilling, samt olje- og energispørsmål.
Kjelder [endre]
- «Erik Solheim» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 14. april 2010.
- «Solheim, Erik ( 1955- )» på Stortinget.no.
| Norske utviklingsministrar | |
|---|---|
| Reidun Brusletten (1983-86) · Vesla Vetlesen (1986-88) · Kirsti Kolle Grøndahl (1988-89) · Tom Vraalsen (1989-90) · Grete Faremo (1990-92) · Kari Nordheim-Larsen (1992-97) · Hilde Frafjord Johnson (1997-2000) · Anne Kristin Sydnes (2000-01) · Hilde Frafjord Johnson (2001-05) · Erik Solheim (2005-12) · Heikki Holmås (2012- ) |
| Norske miljøvernministrar | |
|---|---|
| Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012- ) |
- Fødde i 1955
- Norske politikarar
- SV-politikarar
- SV-statsrådar
- Norske statsrådar etter 1945
- Norske utviklingsministrar
- Norske miljøvernministrar
- Politikarar frå Oslo
- Stortingsrepresentantar frå SV
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Leiarar for Sosialistisk Venstreparti