Sigurd Evensmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sigurd Evensmo (14. februar 191217. oktober 1978) var ein norsk forfattar og journalist fødd på Hamar.

I ungdomsåra var Evensmo aktiv for Clarté og i kontakt med Mot Dag, men han melde seg inn i AUF og arbeidde aktivt der. Han byrja som journalistlærling i Hamar Arbeiderblad og fortsette sidan som journalist i fleire ulike arbeidaraviser, som Tiden,Tiden i Arendal, Fremtiden i Drammen og i Arbeidernes pressekontor, nå Avisenes Nyhetsbyrå i Oslo, og i 1939 byrja han i Arbeiderbladet. Under krigen var Evensmo aktivt med i motstandsarbeidet og han skreiv i den illegale avisa Bulletinen noko som førte til at han laut gå i dekning og flykta landet. Frå 1953 var han medlem i redaksjonen i Orientering. Han var filmkronikør i NRK frå 1948 til 1962.

Før krigen hadde han fått gitt ut eit skodespel, Konflikt i 1934. Den fyrste romanen hans kom ut i 1945, Englandsfarere. Handlinga i boka hadde bakgrunn i Evensmos eigne erfaringar frå krigen. Romantrilogien Grenseland (1947), Flaggermusene (1949) og Hjemover (1951) er eit hovudverk i den norske etterkrigslitteraturen og er ei sosial og psykologisk skildring av brytingane mellom lands- og bymiljø og av ein ung intellektuell arbeidarguts utvikling i mellomkrigstida. Evensmo fekk Kritikarprisen for bøkene, og på slutten av 1970-talet var triologien grunnlaget for fjernsynsserien Grenseland som vart laga av NRK. Romanane Gåten fra år null, Femten døgn med Gordona og Miraklet på Blindern kan alle katalogiserast som science fiction og Evensmo var blant dei første som skreiv i den sjangeren i Noreg. Han skreiv også manus til ei rekkje filmar, mellom anna til Line, bygd på Axel Jensens roman, og Bare et liv – historien om Fridtjof Nansen.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1945 Englandsfarere, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1946 Oppbrudd etter midnatt, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1947 Grenseland, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1949 Flaggermusene, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1951 Hjemover, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1954 Glassveggen, novellesamling (Gyldendal, Oslo)
  • 1955 Trollspeilet : streiftokt i film (Gyldendal, Oslo)
  • 1956 Østenfor vest og vestenfor øst : Jugoslavia under Tito (Gyldendal, Oslo)
  • 1956 Gåten fra år null, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1962 Femten døgn med Gordona, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1964 Feider og finter, kåseri og epistlar (Gyldendal, Oslo)
  • 1966 Miraklet på Blindern, roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1967 Det store tivoli : film og kino i Norge gjennom 70 år (Gyldendal, Oslo)
  • 1968 Norske forfattere i krig og fred : Den Norske forfatterforening 1940-1968 : utgitt til 75-års jubileet 15. november 1968, skreve i lag med Alex Brinchmann (Gyldendal, Oslo)
  • 1969 Vold i filmene : ett års kinoprogrammer i Norge og noen perspektiver (Gyldendal, Oslo)
  • 1970 Observasjoner, essaysamling (Gyldendal, Oslo)
  • 1971 Den nakne sannheten : sex i filmene (Gyldendal, Oslo)
  • 1974 Gyldendal og gyldendøler (Gyldendal, Oslo)
  • 1976 Inn i din tid (Gyldendal, Oslo)
  • 1978 Ut i kulda (Gyldendal, Oslo)

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]