Sionfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sionfjellet
הַר צִיוֹן (Har Tsiyyon), جبل صهيون (Jabel Sahyoun)
fjell
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Fjellkjede Judeafjella
By Jerusalem
Høgd 765 moh.
Koordinatar 31°46′18″N 35°13′43″E / 31.77167°N 35.22861°E / 31.77167; 35.22861
Kart
Sionfjellet
31°46′18″N 35°13′43″E / 31.771666666667°N 35.228611111111°E / 31.771666666667; 35.228611111111
Wikimedia Commons: Mount Zion

Sionfjellet (hebraisk הַר צִיוֹן, Har Tsiyyon; arabisk جبل صهيون, Jabel Sahyoun) er ein ås i Jerusalem like utafor murane til Gamlebyen. Sionfjellet har historisk vore knytt til Tempelhøgda.[1] I Bibelen er Sionfjellet synonymt med Moriafjellet (Tempelhøgda), staden der Isak vart ofra, og Det jødiske tempelet. Namnet «Sion» vert òg nytta om heile Israels land.[2]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til ordet sion (ṣiyyôn) er uvisst.[3][4] [5] Det er nemnt i Bibelen i Andre Samuelsbok (2 Samuel 5:7) som namnet på ei jebusittar-borg som kong David erobra, og som truleg fanst der fær isralittane.[3][4] Om det er semittisk, kan det kome frå den hebraiske rota ''ṣiyyôn («borg») eller den arabiske rota ṣiyya («tørt land» eller arabisk šanā («vern» eller «citadell»).[4][5]

Sionfjellet sett frå Oljeberget.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Davidsgrava på Sionfjellet

I følgje Sameulsboka var Sionfjellet staden der jebusittar-borga kalla «Sion-borga» vart erobra av kong David, og vart palasset hans og Davids by.[6] Det er nemnt i Jesaja (60:14), Salmane, og den første boka av makkabearane (kring 100-talet fvt.).[6]

Etter erobringa av jebusittbyen, vart åsen i den nedre byen delt inn i fleire delar. Den høgaste delen, i nord, vart staden der Salomotempelet stod. Basert på arkeologiske utgravingar som avdekte delar av bymurane kring Det første tempelet, trur ein at dette har vore det verkelege Sionfjellet.[7]

Mot slutten av perioden kring Det første tempelet vart byen utvida vestover.[8] Like før den romerske erobringa av Jerusalem og øydelegginga av Det andre tempelet, skildra Josefus Sionfjellet som ein ås på tvers av dalen i vest.[6] Dermed vart den vestlege åsen som strekte seg sør for Gamlebyen kalla Sionfjellet, og dette har vore tilfellet sidan den gongen.[6] Mot slutten av romartida vart det bygd ei synagoge ved inngangen til strukturen kalla Davidsgrava, truleg fordi ein trudde David førte Paktsarka her frå Beit Shemesh og Kiryat Ye'arim før tempelet vart bygd.[9]

I 1948 vart Sionfjellet knytt til bydelen Yemin Moshe i Vest-Jerusalem via ein smal tunnel. Under krigen trong ein ein alternativ veg for å evakuere såra og transportere forsyningar til soldatane på Sionfjellet. Ei kabelvogn som kunne frakte 250 kg vart laga for dette. Kabelvogna vart berre nytta om natta og gøymd nede i dalen om dagen for at han ikkje skulle oppdagast. Vogna står framleis ved Sionfjellet Hotell. Sionfjellet vart erobra av Harelbrigaden den 18. mai 1948.[10]

Mellom 1948 og 1967, då Gamlebyen var okkupert av Jordan, fekk ikkje israelarar llov å vitje dei jødiske, heilage stadane. Sionfjellet vart eit ingenmannsland mellom Israel og Jordan.[11]

Sionfjellet var den staden som låg nærast det gamle jødiske tempelet. Fram til Aust-Jerusalem vart erobra av Israel i seksdagarskrigen, kunne israelarar klatre til taket av Davidsgrava for å be.[12] Den svingande vegen opp til Sionfjellet vert kalla Pavevegen (Derekh Ha'apifyor). Han vart laga for den historiske vitjinga til Jerusalem av pave Paul VI i 1964.[11]

Bibelreferansar[endre | endre wikiteksten]

Tanakh-referansen til Har Tzion (Tzionfjellet) som identifiserer staden, kjem frå Salme 48, som er laga av sønene frå Korah, levittane, som «nordsida av byen til den store kongen», som Radak tolka som Davidsbyen «frå Davidsbyen, det er Sion (1 Kong 8:1-2; 2 Krøn. 5:2)».[13] I 2 Samuel 5:7 står det, «David tok likevel Sion-borga, som no er Davidsbyen,» som identifiserer Sionfjellet som ein del av Davidsbyen, og ikkje eit område utafor dagens Gamleby i Jerusalem.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Significance of Jerusalem: A Jewish Perspective
  2. This is Jerusalem, Menashe Harel, Kanaan Publishing, Jerusalem, 1977, s. 194-195
  3. 3,0 3,1 Terry R. Briley (2000). Isaiah, Volume 1 - The College Press NIV commentary: Gamletestamentet series. College Press. s. 49. ISBN 978-0-89900-890-5. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Tremper Longman, Peter Enns (2008). Tremper Longman, Peter Enns, red. Dictionary of the Gamletestamentet: wisdom, poetry & writings, Volume 3 (Illustrated utg.). InterVarsity Press. s. 936. ISBN 978-0-8308-1783-2. 
  5. 5,0 5,1 Geoffrey W. Bromiley (1982). Geoffrey W. Bromiley, red. International Standard Bible Encyclopedia: E-J Volume 2 (Revised utg.). Wm. B. Eerdmans Publishing. s. 1006. ISBN 978-0-8028-3782-0. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Bargil Pixner (2010). Rainer Riesner, red. Paths of the Messiah. Omsett av Keith Myrick, Miriam Randall. Ignatius Press. s. 320–322. ISBN 978-0-89870-865-3. 
  7. This is Jerusalem, Menashe Harel, Kanaan Publishing, Jerusalem, 1977, s.193, 272
  8. This is Jerusalem, Menashe Harel, Kanaan Publishing, Jerusalem, 1977, s.272
  9. This is Jerusalem, Menashe Harel, Kanaan Publishing, Jerusalem, 1977, s.273
  10. Mt. Zion Cable Car, arkivert frå originalen 13. august 2012, henta 5. oktober 2014 
  11. 11,0 11,1 Bar-Am, Aviva. «On the spot». Jerusalem Post. Henta 5. oktober 2014. 
  12. Jerusalem Divided: The Armistice Regime, 1947-1967, Raphael israelske, Routledge, 2002, s. 6
  13. Ronald L. Eisenberg, The streets of Jerusalem: who, what, why, Devora Publishing, 2006, s.169