Skjeret i Stranda

Koordinatar: 62°12′27.2″N 7°02′11.1″E / 62.207556°N 7.036417°E / 62.207556; 7.036417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°12′27.2″N 7°02′11.1″E / 62.207556°N 7.036417°E / 62.207556; 7.036417 Skjeret er ein øydegard i Stranda kommune, ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal.

Folket på Skjeret sokna ofte innover til Sunnylven[1]. Garden er meir å rekne som eit plassebruk og ligg tett innanfor øydegarden Isflå. Der er nemnt at det budde folk der i 1739, og i 1802 er det nemnt at ein Skjer-Knut budde der[1]. Han heitte Knut Hågensen, og han var den siste brukaren på plassen. Det blir fortalt at han var noko latvoren. Ein julaftan det var vedalaust, hogg han sund lødedøra og brukte til brensel. Kona hans, Ingebor Andersdatter[2], skrytte av han og sa; «Du Knut, du Knut, du er ‘kje rådalaus»

Omkring 15. april 1827 vart plassen råka av eit skred, mest truleg eit steinskred[3]. Alle husa og dyra på plassen vart tekne, og Ingebor, som blir kalla enke, omkom[Note 1]. Sonen hennar, Siver Knudsen, vart sterkt skadd; han vart send til Molde til behandling, og overlevde. Seinare budde der ikkje folk på Skjeret[Note 2].

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Merknad i ministerialboka for 1827 for Norddal, om Ingebor Andersdatter Schieret: ”Død ved et ... fjeld skred d 7de April d a.” ”Ihielslagen ved steenskrede” (datoen er seinare retta av presten til 20. april).
  2. Etter folketeljinga i 1801 var Knud Haagensen m/famile på Lundanes omkring det året. Han og Ingebor hadde då minst 6 born. Ikkje lenge etter må dei ha busett seg på Skjeret. Han blir skriven som «Knud Haagensen Schæret» og døydde i desember 1826, berre fire månader før skredet kom.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Skjeret: side 423) Stranda sogelag 1993.
  2. Ingebor Andersdtr Schieret Digitalarkivet
  3. Skrednett NVE (om skred ved Skjeret i Stranda)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]