Skjoldberar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjoldberar


Scutellaria galericulata 2.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Lamiaceae
Slekt: Scutellaria
Art: S. galericulata
Vitskapleg namn
Scutellaria galericulata

Skjoldberar er ei urt i lepeblomsterfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 25 cm høg, og har ein grann stengel som ofte er raudfarga. Ho har mørkfarga beger med skjoldforma bulk på overlepen og blå krone, finhåra, fire gonger så lang som begeret. Skjoldberar blomstrar kring juli månad på våte stader, ved bekker og på strender.

Planta finst gjennom heile Noreg, men er sjeldan i Finnmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid, Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.