Skjoldbruskkjertel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjoldbruskkjertelen

Skjoldbruskkjertelen (av latin Glandula thyroidea), òg kalla tyroidea, er ein endokrin, eller hormonutskillande kjertel, sett saman av to halvdelar som ligg på halsen, på kvar side av luftrøyret. Skjoldbruskkjertelen lagar hormona tyroksin og trijodtyronin som er viktige i reguleringa av stoffskiftet, og hormonet kalsitonin som lægjer kalsiumkonsentrasjonen i blodet. Skjoldbruskkjertelen blir meir aktiv og skil ut meir stoffskiftehormon som han mottek tyroideastimulerande hormon (TSH) frå hypofysen.

Ein forstørra skjoldbruskkjertel blir kalla for struma.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.