Adamseple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tydeleg adamseple på ein mann.

Adamseple er namnet på eit område på strupehovudet danna av dei to sideplatene av skjoldbruskkjertelen. Namnet skuldast at dei er meir iaugefallande hjå menn enn hjå kvinner. Adamseplet vert ofte større og meir markert hjå gutar etter at dei har gått gjennom stemmeskiftet i puberteten, jamvel jenter får litt større adamseple då. Det er ikkje alltid så at ein person med stort adamseple har djup røyst, men det er ofte slik, då både storleiken på adamseplet og lengda på stemmebanda (stemmeleppene) vanlegvis følgjer storleiken på strupehovudet, og di lengre stemmeband, di djupare røyst.

Det jødiske skriftet Talmud (ikkje Bibelen) fortel at Adam sette delar av eit eple frå Kunnskapens tre i halsen då han skjønte at han hadde synda. Tilsvarande nemningar finst mellom anna på engelsk «Adam's apple», fransk «pomme d'Adam» og hebraisk «Tappuah ha-Adham».

Adamseple (Citrus medica var. ethrog) er også namnet på ein varietet av sukatsitron (Citrus medica). På somme andre språk har ein eit tilsvarande namn som «Adamseple» på frukta Citrus lumia var. pomum Adami (ein hybrid av sitron og pomelo), ei sitrusfrukt som veks på Kérkyra og i Sør-Italia. Namnet skuldast nokre små søkk frukta har i skalet, dei kan minne om merke etter tenner, og har då mint folk på forteljinga om Adam og eplet.