Skrue McDuck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skrue McDuck er ei oppdikta and i Disney-teikneseriar og teiknefilmar. Skrue er onkel til Donald Duck. Han dukka fyrste gong opp i Carl Barks si historie Jul på Bjørnefjell som kom ut i 1947. Opphavleg hadde Barks berre tenkt å bruka Skrue i denne historia, men han vart snart ein av dei mest brukte figurane i Donald-universet. Don Rosa har skrive ein lang serie om livet til Skrue McDuck, med utgangspunkt i detaljar frå historiene til Barks.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skrue McDuck, med det opphavlege namnet Scrooge McDuck, er basert på den gamle gniaren Ebenezer Scrooge i A Christmas Carol (Ei juleforteljing) av Charles Dickens.

Skrue er verdas rikaste and. Han bur i ein diger pengebinge der han sjølv kan passa på og nyta rikdommen sin – til dømes ved å symja i pengane. Skrue tevlar stadig med Gulbrand Gråstein og Rikerud om kven som er den rikaste, medan B-gjengen stadig truger med å ta pengane hans. Magica fra Tryll er ein annan erkefiende som stadig prøver å ta frå Skrue den første mynten han tente, den magiske lykkeskillingen.

Liv etter framstillingane til Don Rosa[endre | endre wikiteksten]

Skrue vart fødd inn i ein fattig arbeidarfamilie som eldste born av Fergus McDuck og kona hans Dawny, i 1867. Slekta hadde før vore ein mektig skotsk klan, men var jaga frå ættlandet sitt av dei samvitslause whiskervillane. På tiårsdagen fekk Skrue eit skopussarsett av faren, for at han skulle læra å tene pengar sjølv, og om mogleg vinne fram i verda. Den første mynten han tente var ein amerikansk ti-cent, og denne fekk Skrue til å arbeide di hardare. Få år seinare tok han hyre på eit kvegskip og reiste til New Orleans. I Louisville i Kentucky møtte han farbroren Angus McDuck, og vart tilsett på elvebåten hans. Her råka han ut for den første B-gjengen.

Seinare arbeidde Skrue i mange ulike leier, som driftekar og som skjerpar etter kopar, og som fyrbøtar. Etter ei nær-døden-oppleving heime i Skottland fekk han det føre seg å leite etter gull. Dette dreiv han med dei neste åra, i Transvaal, i Australia, i ulike delar av Amerika, og endeleg i Yukon under Gullrushet i 1898. Her fann han den store Gåsegg-klumpen han tufta rikdomen sin på. Skrue var kjend som ein sparsam og nøyereknande kar som ikkje nytta gullet sitt på moro og fåfengde gleder, og dette gjorde han rik.

Kring 1902 var Skrue milliardær, og reiste heim til Skottland for å grunne rikdomen sin vidare derfrå. Men han vart ikkje vel motteken og reiste av med søstrene sine etter at faren var daud. I Klondike hadde ein annan gullgravar, bror av bestemor Duck, selt han ei tomt i ei lita bygd kalla Andeby. Her, på tufta av eit gamalt fort, bygde Skrue pengebingen sin same året, og reiste vidare ikring i verda etter meir forretningar og rikdom. Han kom endeleg heim om lag 1930, og då var Andeby vaksen stor, sameleis som han sjølv.

Då Skrue kom heim greidde han å støyte frå seg søstrene sine (og dei to borna til yngstesøstera, Donald og Della). Skrue heldt fram åleine, og vart meir og meir lik namnen Ebenezer Scrooge, til han la ned heile forretninga og drog seg attende til eit stort hus utanfor byen. Her var det han møttest med søstersonen Donald Duck og dei tre søstersønene hans att, Ole, Dole og Doffen, jula 1947. Frå då av var det som Skrue fekk att meininga med livet, og tok fatt på forretning og reising att.

Personlegdom[endre | endre wikiteksten]

Skrue var først tenkt som ein gnikar, ein pengegirug gamal knark utan syn for andre verdiar i livet. Med tida vart dette skift noko, slik at ein ofte kan sjå korleis Skrue står framfor avgjerande val, der han ofrar rikdomen ein augneblink, for eit større gode. Oftast vel han å dekkje over dette, slik at andre skal tru han berre er den gamle knarken utan medkjensle. Sanninga er at Skrue har mykje skam i livet, og høg moral. Hjå Don Rosa er det tydeleg han set meir pris på opplevinga enn vinninga i siste runde, og lèt rikdomen gå til andre som treng han meir (til dømes staten Haiti ved eit høve).

Det har vore grunna på om haldninga til Skrue har samanhang med oppveksta i Skottland og ein sterk presbyteriansk tankegang der. Soleis har det vore drøfta samanhangar mellom tankegangen hjå Skrue og framveksta av vestleg kapitalisme, sett i lys av filosofen Max Weber.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]