Yukon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yukon
territorium
Flagg
Symbol
Land  Canada
Del av Nord-Canada
Hovudstad Whitehorse
Areal 482 443 km²
Folketal 40 232 (2021)[1]
Grunnlagd 13. juni 1898
Språk engelsk, fransk
Tidssone UTC-8
Kart
Yukon
60°43′15″ N 135°3′12″ W
Wikimedia Commons: Yukon

Yukon er eitt av tre territorium i Canada. Det ligg heilt nordvest i Canada, med grense mot Alaska. Arealet av territoriet er 482 443 km², av det over 8000 km² sjøar. Yukon er mykje kjent for gullrushet i Klondike i 1897–1898. Namnet til territoriet kjem frå elva Yukon, som på gwich’in tyder 'stor elv'.

Kartomrisset er trekantforma med sidene mot Britisk Columbia i sør, Alaska i vest og mot Nordvestterritoria i aust. Nordspissen av triangelet har ei kystlinje på under 200 kilometer i nord mot Mackenziebukta i Beauforthavet. I 2006 var folkesetnaden i territoriet på 31 229 eller 0,06 pr. km². Mange av innbyggjarane i territoriet er frå ei av dei talrike folkegruppene av amerikanske urfolk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Yukon
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.